Låg valdeltaking ved kommunestyrevalet

Låg valdeltaking ved kommunestyrevalet

Resultata frå kommunestyrevalet viser at Arbeidarpartiet vart største parti i tretten kommunar, Senterpartiet vart størst i ti og Høgre vart størst i sju. Framstegspartiet og Kristeleg Folkeparti vart begge størst i to kommunar, medan ein konstellasjon av Kristeleg Folkeparti og Venstre vart størst i ein. Ei lokal folkeliste vart størst i ein kommune.

På Nordmøre var det Arbeidarpartiet og Senterpartiet som vann kommunane. I kommunane i Romsdal varierte det mellom Høgre, Arbeidarpartiet og Senterpartiet kven som vart størst. På Sunnmøre var variasjonen større, og ei rekke ulike parti vart størst: Høgre, Senterpartiet, Arbeidarpartiet, Framstegspartiet, Kristeleg Folkeparti, Folkeliste For Hareid Kommune og ei tverrpolitisk liste med Kristeleg Folkeparti og Venstre.

I fem av kommunane fekk eitt parti reint fleirtall. I Sandøy (Ap), Sunndal (Ap), Smøla (Ap), Norddal (Sp) og Halsa (Sp).

Forhandlingane om ordførarane vart spanande i år, sida det vart til dels store endringar i partia si oppslutning. Arbeidarpartiet får 13 ordførarar i kommande periode og Senterpartiet får 12. Høgre får sju, medan Framstegspartiet, Kristeleg Folkeparti, Venstre og Folkeliste For Hareid kommune alle får ein ordførar. Ni av ordførarane er kvinner. Dette utgjer 25 prosent.

Valframmøte i kommunestyrevalet i Møre og Romsdal var på 58,2 prosent av dei med stemmerett. Dette er litt lågare enn gjennomsnittet for heile landet sett som eit, som var på 59,9 prosent. I dei tre største bykommunane var gjennomsnittleg frammøte 55,3 prosent. Høgst frammøte var det i Rindal med 68,9 prosent. Ålesund var lågast med 52,3 prosent. I heile 32 av dei 36 kommunane i fylket var frammøteprosenten til kommunestyrevalet lågare i 2015 enn i 2011.

Resultat kommuneval 2015

Last ned