11 parti fekk plass i fylkestinget

11 parti fekk plass i fylkestinget

Arbeidarpartiet vart også i 2015 det største partiet ved fylkestingsvalet i Møre og Romsdal. I år fekk dei 24,3 prosent av stemmene, ein nedgang på 1,5 prosentpoeng frå valet i 2011. Høgre vart det nest største partiet med 18,0 prosent av stemmane, medan Framstegspartiet vart tredje størst med 13,1 prosent. For desse to partia var nedgangen på høvesvis 3,9 og 3,3 prosentpoeng. Senterpartiet auka med 1,7 prosentpoeng til 10,6 prosent. Kristeleg Folkeparti gjekk tilbake 0,5 prosentpoeng til 8,3 prosent, og Venstre fall med 1,9 prosentpoeng til 5,6 prosent. Nykommaren Nordmørslista fekk 7,6 prosent av stemmene. Dei to listene for Sunnmøre som stilte til val i år hadde samla ein liten nedgang sett opp mot valet i 2011. Miljøpartiet De Grønne auka med 2,2 prosentpoeng til 2,7 prosent. 2,2 prosent av stemmene gjekk til andre parti.

Mandatfordelinga i fylkestinget vart endra etter valet. Det er totalt 11 parti som har representantar i fylkestinget i den komande perioden frå 2015 til 2019. Arbeidarpartiet har 12 mandat, Høgre 9 mandat, Framstegspartiet 6 mandat, Senterpartiet 5 mandat, Kristeleg Folkeparti og Nordmørslista har begge 4 mandat og Venstre har 3 mandat. Sunnmørslista, Uavhengig valliste for Sunnmøre, Miljøpartiet De Grønne og Sosialistisk Venstreparti har alle 1 mandat. Jon Aasen frå Arbeidarpartiet fortsett som fylkesordførar. Gunn Berit Gjerde frå Venstre held fram som varaordfører i fylkestinget.

Av dei totalt 47 representantane i fylkestinget er 26 menn og 21 kvinner. Dette er ei kvinne meir enn i førre fylkestingsperiode. Med andre ord er 55,3 prosent menn og 44,7 prosent kvinner.

Valdeltakinga ved fylkestingsvalet i Møre og Romsdal i år var 52,6 prosent. Dette er ned 4,8 prosentpoeng frå valet i 2011. På landsbasis var deltakinga på 55,7 prosent ved årets fylkestingsval, samanlikna med 59,9 prosent i 2011.

Resultat fylkestingsval Møre og Romsdal

Last ned

Fylkestingsmandat Møre og Romsdal

Last ned

Valdeltaking fylkestingsval Møre og Romsdal

Last ned

Fordeling kvinner og menn i fylkestinget i perioden 2015-2019

Last ned