Vidaregåande skular

Vidaregåande skular

Stor skilnad på val av utdannings­program hos jenter og gutar

Det er framleis stor skilnad på kva utdanningsprogram jenter og gutar søker på. Dette har vore eit tema sidan 1990-talet, men har endra seg lite dei seinaste åra.

Gutane er i klart overtal på Bygg- og anleggsteknikk (BA), Teknikk og industriell produksjon (TIP) og Elektrofag. I BA er det berre tatt inn 13 jenter i heile Møre og Romsdal etter andre inntaket for skuleåret 2015/16, medan det same talet for Elektrofag er 28. Omvendt så er det nesten ingen gutar som vel Design og håndverk. Berre tre av 107 som er tatt inn er gutar. Innanfor Helse- og oppvekstfag er det litt betre fordeling, men det er langt igjen før det er like mange gutar som søker faget som jenter. Studieførebuande har blitt eit typisk jentefag. Om lag 2/3 av dei som er tatt inn dei siste åra er jenter. For skuleåret  2015/16 er det ein litt større del gutar.

Stabil del som vel yrkesfag

Forholdet mellom studieførebuande utdanningsprogram og yrkesfag har vore stabilt dei siste fire åra i Møre og Romsdal. Variasjonen har samanheng med kor store årskulla er. Det var ein liten nedgang i yrkesfag skuleåret 2014/2015. Skuleåret 2015/2016 har det igjen blitt ein auke i yrkesfag.

På yrkesfaglege utdanningsprogram har det i denne fireårsperioden vore sterk nedgang i søkarar til medier og kommunikasjon og design og handverk. På desse områda er det ei halvering i talet på søkarar.

Utfordring å finne læreplassar

Sidan 2012 har formidling til læreplass halde seg stabilt. Pr. 1. sept. 2015 var det formidla 78 prosent av elevar som har ungdomsrett. Formidlinga for 2015 er enno ikkje avslutta, men på grunn av store utfordringar innanfor oljeindustrien er det i år store utfordringar med å få læreplassar innanfor teknologiske fag og maritime fag. Formidlinga vert avslutta ca. 1. november.

Gjennomføringa i vidaregåande opplæring i Møre og Romsdal aukar

Det er eit mål at flest mogleg elevar og lærlingar skal fullføre og bestå vidaregåande opplæring. Her viser vi kor stor del av elevane og lærlingane som har gjennomført og bestått vidaregåande opplæring i løpet av fem år.

Ein del som ikkje fullfører i løpet av fem år, fullfører på eit seinare tidspunkt. Etter 10 år er gjennomføringa for Møre og Romsdal 80,5 prosent (2002-kullet )
Gjennomføring beskriv resultatet av opplæringa for elevane som begynner i vidaregåande opplæring for første gong, fem år etter at dei begynte på Vg1.

  1. Fullført og bestått på normert tid er for elevar som begynner på studieførebuande utdanningsprogram og som er definerte til å fullføre og bestå på tre år. For elevar som begynner på yrkesfaglege utdanningsprogram er normert tid sett til fire år.
  2. Fullført og bestått over normert tid er definert til ikkje å fullføre og bestå på normert tid, men har greidd det innan fem år

Stor skilnad mellom kommunane når det gjeld gjennomføring

Det er store skilnader mellom kommunane i fylket når det gjeld gjennomføring av vidaregåande opplæring. Det er vanskeleg å finne klare samanhengar i desse tala. Når ein les tala må ein vere klar over at kulla kan vere små i enkelte kommunar og at tal for enkeltelevar kan bety mykje for totalen. Dette gjer at tala kan svinge ganske mykje frå år til år.

Ørskog har dei beste tala for 2008-kullet. Der har 89,7 prosent gjennomført vidaregåande opplæring innan fem år. Det er langt over landsgjennomsnittet på 71,0 og fylkesgjennomsnittet på 73,5 prosent. Den nest beste kommunen med gjennomføring på over 80 prosent er Ulstein, med 83,6.

Inntekne elevar, VG1, fordelt på utdanningsprogram og kjønn ved fylkeskommunale skular i Møre og Romsdal 2015/2016

Last ned

Yrkesfaglege utdanningsprogram Møre og Romsdal, søkartal pr. 1. mars

Last ned

Studieførebuande utdanningsprogram Møre og Romsdal, ­søkartal pr. 1. mars

Last ned

Del elevar som har fullført og bestått etter 5 år

Last ned

Gjennomføringsgrad elevar i Møre og Romsdal og landet i prosent, etter startår

Last ned

Fullført og bestått etter normert tid og fem år, etter kommune

Last ned