Utdanningsnivå

Utdanningsnivå

Aukande utdanningsnivå

I 2014 hadde 25,9 prosent av befolkninga i Møre og Romsdal 16 år og over, høgare utdanning. Samanlikna med landssnittet har Møre og Romsdal ein lågare del innbyggarar med høgare utdanning, forskjellen er på 5,5 prosentpoeng. Delen med høgare utdanning har auka sterkt dei seinare åra, i år 2000 hadde berre 17,0 prosent av befolkninga i fylket høgare utdanning.

Det er kommunane med høgskuletilbod som har størst del innbyggarar med høgare utdanning. Aller høgast utdanningsnivå har Volda. Her har 35,7 prosent av befolkninga universitet- og høgskuleutdanning. Deretter følgjer Molde og Ålesund, med høvesvis 34,8 og 32,6 prosent med høgare utdanning. Det er berre desse tre kommunane i fylket som ligg over landssnittet. Lågast del høgare utdanna er det i Nesset kommune og Vanylven kommune, med høvesvis 17,1 og 16,5 prosent.

Høgast utdanning blant kvinner 25-39 år

I tillegg til store forskjellar mellom kommunane i utdanningsnivå er det også store forskjellar mellom kjønna og mellom ulike aldersgrupper. Det er klart fleire kvinner med høgare utdanning enn menn. I Møre og Romsdal har 30,0 prosent av kvinnene og 22,0 prosent av mennene fullført høgare utdanning. Tilsvarande tal for landet er 34,5 prosent for kvinner og 28,3 prosent for menn. Alle kommunane i fylket har større del kvinner med høgare utdanning enn menn. Forskjellane skuldast i stor grad at ein langt høgare del kvinner enn menn har fullført kort høgare utdanning. I fylket gjeld dette 25,5 prosent av kvinnene og 16,4 prosent av mennene. Delen med lang høgare utdanning er framleis høgare for menn (5,6 prosent) enn for kvinner (4,5 prosent). Men dette ser også ut til å endre seg. Om ein ser på dei yngre aldersgruppene er situasjonen motsett. I aldersgruppa 25-29 år har 10,4 prosent av kvinnene i fylket lang høgare utdanning, mot 6,3 prosent av menn i same aldersgruppe.

Kvinner har høgare utdanningsnivå enn menn i alle aldersgrupper bortsett frå i aldersgruppa 60 år og over. Der er det framleis ein større del menn med høgare utdanning enn kvinner. Dette gjeld både for landet sett under eitt, for Møre og Romsdal og for majoriteten av kommunane i fylket. Unntaka er Nesset, Fræna og Halsa; der er det ein større del kvinner enn menn i aldersgruppa 60 år og over som har fullført høgare utdanning.

Det er kvinner frå 25 til 39 år som er høgast utdanna. Over halvparten (52,2 prosent) av kvinner i denne aldersgruppa i fylket har fullført høgare utdanning. Tilsvarande tal for menn er 29,7 prosent. I Volda har 68,6 prosent av kvinnene i aldersgruppa 25-39 år høgare utdanning, og dei er med dette den høgast utdanna gruppa i heile fylket. Deretter følgjer kvinner i same aldersgruppe i Molde, Ålesund og Ulstein. Lågast utdanningsnivå for kvinner i alderen 25-39 år finn ein i Smøla og Eide. For menn i denne aldersgruppa finn ein flest med høgare utdanning i Volda, Molde, Ålesund og Ulstein. Lågast del menn med høgare utdanning i aldersgruppa 25-39 år er det i Rindal og Nesset.

Færre med grunnskuleutdanning

Det blir ein stadig lågare del av befolkninga som har grunnskule som høgaste fullførte utdanning. I 2000 hadde 36,3 prosent av befolkninga i Møre og Romsdal grunnskule som høgaste nivå, medan denne delen er redusert til 28,3 prosent i 2014, ein nedgang på 8,0 prosentpoeng. I landet sett under eitt har nedgangen i same periode vore på 6,4 prosentpoeng, frå 33,7 til 27,3 prosent.

Størst del med grunnskule som høgaste utdanningsnivå finn ein i Fræna, Eide, Smøla og Midsund. Der har mellom 34 og 35 prosent av befolkninga grunnskuleutdanning som høgast fullførte utdanning. Minst del er det i Ulstein, der 23,5 prosent har grunnskule som høgaste nivå.

Del av befolkninga med universitet- og høgskuleutdanning, etter alder og kjønn, 2014*

Last ned

Del av befolkninga med grunnskule som høgaste utdanning, etter alder og kjønn, 2014*

Last ned

Del personar 16 år og over, etter utdanningsnivå. Møre og Romsdal og landet, 2014*

Last ned

Del personar med lang høgare utdanning etter alder og kjønn. Møre og Romsdal 2014*

Last ned