Tilsette i barnehagar og grunnskular

Tilsette i barnehagar og grunnskular

34,4 prosent av dei tilsette ved barnehagane i Møre og Romsdal var i 2014 utdanna som barnehagelærar (31,6 prosent) eller hadde anna pedagogisk utdanning (2,8 prosent). For Noreg samla var tilsvarande tal 39,3 prosent, brote ned i 34,6 prosent barnehagelærarar og 4,7 prosent med anna pedagogisk utdanning. I fylket er delen leiarar og pedagogiske leiarar med utdanning som barnehagelærar 85,8 prosent. Det er 4,2 prosentpoeng lågare enn gjennomsnittet i Noreg.

Det er store forskjellar mellom kommunane i fylket. Ørsta har flest med barnehagelærarutdanning (44,9 prosent). I fem kommunar har alle leiarar og pedagogiske leiarar denne utdanninga. Desse kommunane er Ørsta, Ørskog, Stordal, Nesset og Smøla. Dei tre største byane i Møre og Romsdal ligg her omkring midt på lista for fylket.

Grunnskulen er det tiårige utdanningsløpet for barn og ungdomar i alderen 6 til 16 år (barneskulen pluss ungdomsskulen). I Møre og Romsdal har 86,9 prosent av lærarane utdanning frå universitet eller høgskule og pedagogisk utdanning. Ytterlegare 6,0 prosent har utdanning frå universitet eller høgskule utan pedagogisk utdanning. Dei resterande 7,1 prosentane har vidaregåande utdanning eller lågare. Tala frå Møre og Romsdal skil seg ikkje mykje frå Noreg samla.

Ser vi nærare på tala er det store skilnader mellom kommunane i fylket. I Tingvoll har til dømes 22,6 prosent av lærarane ikkje utdanning frå universitet eller høgskule, medan 75,5 prosent har denne og pedagogisk utdanning. Tilsvarande tal frå Volda viser at 95,3 prosent av lærarane har høgare- og pedagogisk utdanning, medan berre 2,7 prosent har vidaregåande utdanning eller lågare. Dei tre største byane i fylket skil seg ikkje mykje frå gjennomsnittet for kommunane.

Del tilsette i barnehagar og grunnskule, etter utdanning. Prosent, Møre og Romsdal kommunevis og landet, 2014

Last ned