Høgskolar

Høgskolar

Fleire søkarar til Høgskulen i Ålesund

Hausten 2014 var det 7 358 studentar ved høgskulane i Møre og Romsdal, ein auke på 4,6 prosent frå same tid i 2013. Volda er den største høgskulen målt i studenttal; her var det nær 3 000 studentar i 2014, ein liten nedgang frå året før (-1,8 prosent). Den største veksten i tal studentar hadde Høgskulen i Molde, her auka studenttalet med 15,2 prosent frå 2013 til 2014. Ålesund hadde ein auke på 3,6 prosent.
Søkartal for hausten 2015 viser ein auke i tal søkarar til Høgskulen i Ålesund samanlikna med året før, ein vekst på 16,9 prosent. Det vil seie 193 fleire søkarar. Det er ein liten nedgang i søkartala ved dei andre to høgskulane.

Totalt var det fleire søkarar til høgare utdanning frå Møre og Romsdal i 2015 enn i 2014. Tal søkarar gjekk opp med 9,5 prosent; frå 5 300 til 5 802 søkarar. Søkarane søkar normalt fleire studiestader. Av desse søkarane hadde 55 prosent minst ein høgskule i Møre og Romsdal mellom søkarvala. Sør-Trøndelag var det nest mest populære studiefylket for søkarar busett i vårt fylke; 45 prosent søkte seg til ein studiestad der. Deretter følgjer Hordaland; dit gjekk 37 prosent av søknadane frå Møre og Romsdal.

700 tilsette ved høgskulane

Sett under eitt var det i 2014 om lag 700 tilsette ved høgskulane i fylket. Volda hadde flest, med om lag 300, deretter følgjer Ålesund, så Molde. Ålesund har hatt ei jamn stigning i tal tilsette sidan 2010 , og hadde 15 fleire tilsette i 2014 enn året før. I Volda vart det sju fleire tilsette og i Molde ein.

Tal publikasjonspoeng måler graden av vitskapeleg produksjon ved høgskular og universitet. Alle høgskulane i fylket auka tal publikasjonspoeng frå 2013 til 2014, og auken var spesielt stor ved Høgskulen i Ålesund og Høgskulen i Volda. Volda har høgast grad av vitskapeleg produksjon, både målt i tal poeng og tal poeng per utdannings-, forskings- og formidlingsstilling.

Søknader* til høgare utdanning frå Møre og Romsdal etter mottakarfylke og år

Last ned

Registrerte studentar

Last ned

Søkartal

Last ned

Tilsette

Last ned

Publikasjonspoeng

Last ned