Byskulane populære i eigne regionar

Byskulane populære i eigne regionar

Det er i alt 23 fylkeskommunale vidaregåande skular i Møre og Romsdal, samt tre private vidaregåande skular (Akademiet vgs i Molde og Ålesund, samt Vestborg vgs i Stranda). I tillegg er det to fagskular i høvesvis Ålesund og Kristiansund.

Dei vidaregåande skulane skal gje utdanningstilbud til innbyggarar i eigen kommune, region og også i landsdelen, gjennom såkalla landslinjer. Døme på det er yrkessjåføropplæringa ved Kristiansund vidaregåande skule. I alt er det 9 955 elevar med ungdomsrett til vidaregåande opplæring i Møre og Romsdal. Av desse er det 9 740 som går på vidaregåande skule i eige fylke. Tala for elevar som er tatt opp samt søkarane etter 1. ønske (begge med ungdomsrett) viser at dei vidaregåande skulane i Molde, Ålesund og Kristiansund er mest populære. Til saman har dei 61,5 prosent av alle elevane og 63,2 prosent av søkarane i Møre og Romsdal. Søknadstala for dei med ungdomsrett viser same mønster. Til samanlikning representerer byane berre 36,9 prosent av innbyggartalet i fylket og 35,4 prosent av alle i aldersgruppa 16-19 år.

Ser vi på skular som har fleire enn fem søkarar og fleire enn fem elevar frå andre kommunar i Møre og Romsdal ser vi tydeleg at særleg Borgund og Ålesund vidaregåande skular har elevar og søkarar frå flest kommunar i fylket. Gjermundnes vidaregåande skule har søkarar og elevar frå 27 av kommunane i fylket, men i hovudsak færre enn fem frå kvar kommune. Vestborg vidaregåande skule er den skulen som har aller lågast del søkarar og elevar frå eigen kommune.

Våren 2015 var det i alt 400 studentar ved fagskulane i fylket, der 254 studerte ved Fagskolen i Ålesund og 146 i Kristiansund. Av dei 400 studentane var 354 menn og 46 kvinner.

Elevar og søkarar med ungdomsrett til vidaregåande opplæring, etter skule 2014/2015

Last ned

Aktive studentar ved fagskulane i Møre og Romsdal

Last ned

Elevar med ungdomrett fordelt etter bustadkommune 2014/2015

Last ned

Søkarar med ungdomsrett fordelt etter kommune til vgs etter 1. ønske (medio juni). Skular med meir enn ti søkarar

Last ned