Auke i tilsyn med prioriterte grupper

Auke i tilsyn med prioriterte grupper

Den offentlege tannhelsetenesta i fylkeskommunen har 37 tannklinikkar fordelt på 34 kommunar. Dei kommunane der det ikkje er klinikk er Skodje og Stordal. Tannhelsetenesta er organisert i 5 tannhelsedistrikt, med ein overtannlege i kvart distrikt. Fylkestannlegen er fagleg og administrativ leiar for tannhelsetenesta.

I 2014 var heile 74 221 personar under tilsyn av tannhelsetenesta. Dette utgjer nærare 30 prosent av alle innbyggarane i fylket. Den største gruppa er barn og unge opp til 18 år, med 51 205 personar. Eldre, langtidssjuke og uføre i institusjon og i heimesjukepleie utgjer 5 135 personar. 11 870 vaksne, betalande pasientar nyttar også den offentlege tannhelsetenesta. Dei andre brukargruppene utgjer tilsaman 6 011.

I den største gruppa, barn og unge, er tilsynsprosenten 91 prosent (87 prosent) for 3-åringane, 98 prosent (92 prosent) for 5-åringane, 98 prosent (89 prosent) for 12-åringane og 95 prosent (88 prosent) for 18-åringane (tal for 2013 i parentes).

Av totalt 961 personar med utviklingshemming over 18 år, var 912 - det vil seie 95 prosent - under tilsyn av tannhelsetenesta i 2014. Av eldre og uføre i institusjon var 83 prosent under tilsyn, og i gruppa eldre, langtidsjuke og uføre i heimesjukepleia var 70 prosent under tilsyn. I denne gruppa er det også mange som takkar nei til tilbodet, då dei ønskjer å fortsette å gå til sin private tannlege eller dei ikkje ønskjer tilsyn med tannhelsa.
I 2014 var det registrert 435 rusmisbrukarar som har rett på gratis tilsyn frå den offentlege tannhelsetenesta. Dette er ein auke på 74 personar frå 2013.

Ungdom i alderen 19 og 20 år har rett til tannbehandling med 75 prosent reduksjon i dei takstane som gjeld for betalande pasientar, og har prioritet framfor vaksne betalande pasientar. 72 prosent var under tilsyn i 2014. Dette er ein liten framgang frå 2013.

Kommunane etter inndeling i tannhelsedistrikt

Last ned

Sysselsette personar innan tannhelse 2009 og 2014 i Møre og Romsdal

Last ned

Tilsyn med lovpålagte målgrupper i den ­offentlege tannhelsetenesta 2014

Last ned