Varsku for primærnæringane!

Varsku for primærnæringane!

Dei tre største næringane i fylket er helse- og sosialtenester, industri og varehandel. Nær 21 prosent av alle sysselsette i fylket arbeider innafor helse- og sosialtenestene, medan høvesvis 16 prosent og 13 prosent arbeider i industri og varehandel. Det er dei same næringane som er størst for landet sett under eit. Nokre skilnader er det likevel; varehandel sysselset fleire enn industrien på landsbasis, og industrien er mykje meir dominerande i Møre og Romsdal enn på landsbasis, der den utgjer «berre» 8,7 prosent.

Ser vi på endringane i perioden 2010-2014, ser vi at det er særleg to næringar som har hatt store endringar – i kvar si retning: Jordbruk, skogbruk og fiske har hatt ein nedgang på kring 1 000 sysselsette i perioden, nær 20 prosent av alle sysselsette i næringa. Innanfor denne kategorien er det jordbruk og fiske og fangst som trekkjer ned. Skogbruk har derimot hatt ein god prosentvis vekst.

I bergverksdrift og utvinning har veksten i perioden vore på nær 50 prosent, og veksten er knytt til delen av næringa som driv med utvinning av råolje og naturgass eller som leverer tenester til den. I absolutte tal er det bygg- og anleggsverksemder og forretningsmessig tenesteyting som har hatt den sterkaste veksten i sysselsettinga, om ein ser vekk frå helse- og sosialtenestene.

Fylket speglar kommunane, og i 25 av dei er det helse- og sosialtenester og industri som er dei to største næringane. Berre i eín kommune (Stordal) er ikkje helse- og sosialtenester største eller nest-største næring. Molde, Ålesund og Kristiansund har ein høg del som arbeider innan varehandel, saman med Ørsta, Ørskog og Rauma. Vanylven, Norddal, Gjemnes og Smøla har ein høg i del i jordbruk, skogbruk og fiske. Skodje har ein høg del sysselsette i transport og lagring, medan Volda har høgast del sysselsette innan undervisning.

Sysselsette personar i Møre og Romsdal, 4. kvartal 2010-2014

Last ned

Næringsstruktur, Møre og Romsdal og landet i prosent, 2014.

Last ned

Sysselsette personar, etter arbeidsstad og næring, 4. kvartal 2014, i absolutte tal

Last ned

Sysselsette personar, etter arbeidsstad og næring, 4. kvartal 2014, i prosent

Last ned