Sjømateksport på 15,5 milliardar frå Møre og Romsdal!

Sjømateksport på 15,5 milliardar frå Møre og Romsdal!

Noreg eksporterte i 2014 sjømat til ein verdi av 68,8 milliardar kroner. Dette er 11,8 prosent eller 7,3 milliardar kroner meir enn året før, og er rekord når det kjem til sjømateksport frå Noreg. Gode prisar på laks, torsk og makrell gjennom året er årsaka til dei gode tala. Eksporten av sjømat frå Møre og Romsdal var på 15,5 milliardar kroner i 2014, ein oppgang på 12 prosent eller 1,7 milliardar kroner meir enn i 2013. I kvantum var eksporten om lag 527 000 tonn, som er 20 prosent av det totale eksportkvantumet for Noreg i 2014.

Laksen har blitt den økonomisk viktigaste aktiviteten i norsk fiskeri- og havbruksnæring. Møre og Romsdal er eit stort oppdrettsfylke, og når det gjeld oppdrett av laksefisk var Møre og Romsdal det femte største fylket i 2014 med ca. 10 prosent av produksjonen og salsverdien. Akvakulturnæringa sysselset no 667 personar i fylket, eín person meir enn året før. Sysselsettinga innan akvakultur er meir kjønnsdelt enn kva den er blant fiskarane. På landsbasis er 16,3 prosent av dei sysselsette innan akvakultur kvinner, medan andelen kvinner i Møre og Romsdal er 14,6 prosent.

Per i dag er det 113 kommersielle matfiskkonsesjonar for laks i Møre og Romsdal. Dette er ein auke samanlikna med året før, etter at tre av dei «grøne løyva» vart lokalisert til fylket. Talet på lokalitetar i fylket er derimot om lag det same som i fjor, og utviklinga går mot at det blir drive oppdrett på færre, men større lokalitetar. Per i dag er 97,4 prosent av løyva på matfisk i produksjon, noko som tilseier at framtidig produksjonsvekst må skje gjennom tildelingar av nye løyve eller auke i biomasse. Det er styresmaktene som regulerer veksten i laksenæringa.

Norsk eksport av fisk totalt

Last ned

Tal sysselsette og sal i akvakulturnæringa 2014

Last ned

Løyver 2014

Last ned