Møre og Romsdal – eit viktig petroleumsfylke

Møre og Romsdal – eit viktig petroleumsfylke

I Møre og Romsdal ligg to av dei fem ilandføringsanlegga for olje og gass i Noreg: Tjeldbergodden (Aure) og Nyhamna (Aukra). Tjeldbergodden omset for om lag 2 mrd. kroner og er ei av dei største eksportbedriftene i fylket. Metanol er deira største eksportvare og kapasiteten er på 900 000 tonn årleg. Anlegget er det einaste i Noreg som vidareforedlar gass.

Nyhamna arbeider vidare med og eksporterer naturgass og kondensat frå gassfeltet Ormen Lange. Feltet er no nest største gassfeltet i Noreg. Gass frå Aasta Hansteen vil frå slutten av 2017 bli ført til Nyhamna gjennom Polarled. Nyhamna eksporterte i 2014 20,21 mrd. Sm3 naturgass (2013: 21,45 mrd.) og 1,36 mil. Sm3 kondensat (2013: 1,52 mil.).

Andre større felt knytt til Møre og Romsdal er Njord, Draugen, Åsgard, Kristin og Heidrun. Desse felta produserte i 2014 til saman 9,03 mil. Sm3 olje (2013: 9,17 mil) og respektive 12,47 mrd. Sm3 gass (2013: 12,04 mrd.).

Møre og Romsdal hadde i 2012 359 olje- og gassrelaterte verksemder, med ei samla omsetning på 52 mrd. kroner (2011: 47,1 mrd.). Driftsresultatet gjekk litt ned frå 2009 til 2012, som ein også ser i landet elles.

Bedriftene på Sunnmøre utgjer Noregs viktigaste maritime klynge. Saman med baseverksemda, driftsorganisasjonar, logistikktenester og ingeniør- og tekniske tenester i Kristiansund, kran- og løftekompetansen i Molde samt dei to ilandføringsanlegga, gjer dette Møre og Romsdal til eit viktig olje- og gassfylke i  regional og nasjonal målestokk.

Talet på sysselsette i olje- og gassnæringa i Møre og Romsdal har auka frå 2008 til 2013. Ved utgangen av 2011 var 16 384 sysselsette i næringa. Det er ein vekst på 4,4 prosent frå året før. I 2012 heldt veksten fram med 9,2 prosent til 18 050 tilsette. I 2013 var veksten 13,0 prosent til 20 738. Frå juni 2014 til september 2015 har oljeprisen falle frå over 115 til nærare 45 dollar pr. fat. Dette vil truleg påverke sysselsettinga negativt i 2015.

Kategorisering av olje- og gassrelaterte verksemder i Møre og Romsdal (2012)

Last ned

Sysselseting innan olje- og gassrelaterte verksemder i Møre og Romsdal (2008-2013)

Last ned

Omsetnad i olje- og gassrelaterte verksemder i Midt-Noreg (mrd.kr.)

Last ned