Nyetableringar

Nyetableringar

Svak nedgang i nyetableringar i 2014

I 2014 vart det registert 1 921 nye føretak i Møre og Romsdal. Dette er ein svak nedgang på 44 nyetableringar frå året før. I landet elles gikk tala på nyetableringar opp med om lag 5,5 prosent. I perioden 2001-2014 har det blitt 53,5 prosent fleire føretak her i landet. I den same perioden har veksten i Møre og Romsdal vore på 41,4 prosent.

Møre og Romsdal er blant dei fylka som har lågast del nyetableringar i høve folketalet. Eit snitt for åra 2012-2014 viser at vi er nummer 16 av fylka.
I 2014 var etableringsgraden i Møre og Romsdal på 10,0. I Noreg var etableringsgraden på 14,0. Etableringsgraden fortel kor stor del dei nyregistrerte føretaka utgjer av alle føretaka i området.

Dei fleste nye føretaka i Møre og Romsdal vart etablert innan omsetning og drift av fast eigedom, spesialisert bygg og anlegg samt oppføring av bygningar. Detaljhandel, helsetenester, undervisning og kunstnarisk- og underhaldningsverksemd utgjer til saman om lag like mange nyetableringar som dei tre på topp.

Dei fleste etableringane skjer i byane

799 eller 41,6 prosent av dei nye føretaka i fylket vart etablerte i Ålesund, Molde og Kristiansund. Av desse vart over halvparten (425) etablert i Ålesund. Etter byane ser vi at Sunnmøre har flest etableringar i Herøy (68), Romsdal har flest etableringar i Fræna (73) og på Nordmøre er det flest etableringar i Sunndal (48).

Nyetablerte bedrifter meir robuste her enn elles i landet

Bedriftene i Møre og Romsdal klarer seg betre enn gjennomsnittet i landet. Av dei 1972 føretaka som vart etablert i 2007 var 644 eller 33,0 prosent i drift etter 5 år. For landet var delen av føretak som framleis var i drift etter 5 år noko lågare (30,0 prosent). I Sogn og Fjordane er det størst del føretak i drift 5 år etter oppstart.

Tal føretak, nyetableringar, etableringsgrad og nyetableringar per 1000 innbyggarar 2014

Last ned

Relativ del nyetablerte føretak i drift 5 år etter oppstart i 2007. Prosent

Last ned

Nyetableringar per 1000 innbyggarar fylkesvis og landet, snitt for åra 2012-2014

Last ned