Møbelnæringa størst i Møre og Romsdal

Møbelnæringa størst i Møre og Romsdal

Møbelnæringa i fylket hadde ei omsetning på 4,6 milliardar kroner i 2013. Innanfor sektoren representerer det om lag 45 prosent av den total omsetninga i Noreg på totalt 10,5 milliardar kroner. Møre og Romsdal har fleire av dei store lokomotiva i næringa, inkludert Ekornes som den største, men det er òg omfattande leverandørindustri i fylket, noko som gjer næringa viktig for Møre og Romsdal.

Sysselsetting i industrien i Møre og Romsdal og Noreg aukar, men dette gjeld ikkje for møbelindustrien. Talet på tilsette i møbelindustrien har gått ned både i Noreg og i Møre og Romsdal. Frå 2010 til 2014 er det om lag 500 færre som er tilsett i møbelindustrien i fylket. Trenden for Møre og Romsdal er som for Noreg samla. Møbelnæringa i Møre og Romsdal har stabilt sysselsett om lag 40 prosent av dei tilsette i møbeindustrien i Noreg over lang tid.

Møbelnæringa har hatt nokre tøffe år etter finanskrisa i 2008, med sviktande etterspørsel på viktige marknader. I tillegg har næringa lenge levd i skuggen av oljerelatert næringsliv. Det er grunn til å tru at svekt kronekurs vil medverke til auka eksport for møbelbedriftene i 2015.

Store delar av næringslivet i Møre og Romsdal, og i Noreg elles, er knytt til utvinning og vidare arbeid med råvarer. Kunnskap om korleis ein lukkast som ferdigvareeksportør blir ein viktig kompetanse framover og gjer møbelnæringa til ei viktig næring for Noreg. Møbel og interiørklynga Norwegian Rooms, saman med Møbelkraft, inspirasjons- og kompetansesenteret for norsk møbel, er etablert for å styrke næringa på område der næringa har felles interesser og utfordringar.

Tilsette i møbelindustrien Møre og Romsdal og Noreg

Last ned

Omsetning møbelnæringa Møre og Romsdal og Noreg i millionar kroner

Last ned

Tal tilsette i møbelindustrien, 2014

Last ned