Maritim klynge

Maritim klynge

Maritim klynge omsette for 55 milliardar kroner

Den maritime klynga i Møre og Romsdal er ei komplett klynge med reiarlag, verft, utstyrsleverandørar og designbedrifter. Klynga er prega av utstrakt samarbeid, men òg knallhard konkurranse mellom bedriftene. Mange av kontraheringane frå reiarlaga i Møre og Romsdal er til verft i klynga, og medverkar derfor til aktivitet hos verft, design- og utstyrsleverandørar i fylket. Samtidig er reiarlaga, som krevjande kundar, ei viktig drivkraft for innovasjon hos heile den maritime næringa.

Leverandørbedriftene står for størstedelen av omsetninga, og dei utgjer også den klart største andelen av bedriftene, med om lag 170 av 216 bedrifter. Totalt utgjer den maritime klynga om lag 22 000 årsverk i 2014 og omsette for nær 55 milliardar kroner.

Maritim næring er ei svært viktig næring for Møre og Romsdal, og har over dei siste åra hatt ei god utvikling. Maritim klynge utgjer 2 700 fleire årsverk i 2014 enn i 2010. Omsetninga gjekk ned frå 2010 til 2011, men etter det har den auka. Samanlikna med 2010 er det reiarlaga som har hatt den største auken i omsetning, frå 10,8 milliardar kroner i 2010 til 14,9 milliardar kroner i 2014.

Maritim klynge sårbar for lågare petroleumsaktivitet

Store delar av maritim klynge i Møre og Romsdal leverer båtar og tenester til offshoremarknaden både i Noreg og internasjonalt, og med lågare oljepris og krevjande marknad får dette konsekvensar. Mange reiarlag i Noreg har sommaren 2015 båtar i opplag, og dette vil medføre færre kontraheringar av nye skip. I 2015 har vi sett permitteringar og oppsei-ingar i både verft, reiarlag og leverandørindustri. Omsetning og sysselsetting vil truleg gå ned samanlikna med 2014.

Tal årsverk i maritim klynge, Møre og Romsdal

Last ned

Maritim klynge 2014

Last ned

Omsetnad i maritim klynge i Møre og Romsdal i milliardar kroner

Last ned