Landbruk

Landbruk

Fylket gror igjen

Tal dekar dyrkajord i Møre og Romsdal har dei siste 10 åra blitt redusert med om lag 10 prosent (fulldyrka og overflatedyrka jord), frå 505 000 dekar i 2005 til 453 000 dekar i 2014. Det er store skilnader frå kommune til kommune: Kystkommunane på Sunnmøre og på Nordmøre har hatt prosentvis størst avgang, medan det jamt over har vore meir stabilt i indre og midtre delar av fylket.

For innmarksbeite er det i same perioden registrert ein nedgang på vel 5 000 dekar. Somme kommunar har i perioden hatt ein liten auke i bruk av innmarksbeite. Dette kan skuldast overgang frå kyr til for eksempel sau. Dyrkajord og innmarksbeite som ikkje vert brukt, gror etter kvart til med kratt og skog. Attgroing vil redusere den samla evna til matproduksjon, hindre utsikta for turistar, truge artar i kulturlandskapet og bidra til nedbryting av kulturminne.
Også når det gjeld utmarka er det kystområda som har det største potensialet for attgroing. Modellar viser at 20 prosent av utmarksarealet i Møre og Romsdal kan bli tresett – om lag 2 000 km².

Omdisponering av dyrka og dyrkbar jord

Jordvern handlar om å sikre befolkninga i dag og etterkommarane våre høve til å dyrke eigen mat på eiga jord. Matjord er ein knapp ressurs og berre 4,5 prosent av landarealet i fylket er jordbruksareal. Dette svarar til eit areal på ca. 650 000 dekar.

Av og til er omdisponering av jordbruksareal nødvendig for å møte andre samfunnsbehov. Ei utfordring er at den beste matjorda ligg rundt byar og tettstader der folketalsveksten er størst. Dette gir kamp om areala. Omdisponering av dyrkajord i fylket har variert dei siste ti åra og viser ein fallande trend.

Lammetap på utmarksbeite framleis høgt lokalt

Møre og Romsdal har store utfordringar når det gjeld lammetap. Sjølv om snittet for Møre og Romsdal går ned, ligg tapstala her i fylket framleis høgare enn landssnittet. Dei lokale variasjonane er store, og fleire av beiteområda hadde i 2014 lammetap over 15 prosent. Årsaksbiletet til lammetapet er samansett, mellom anna flåttboren sjukdom, andre infeksjonar, alveld og rovvilt.

Lammetapa er fortsatt store innanfor yngleområda for jerv og gaupe. Jerven er den største skadevaldaren av dei store rovdyra i vårt fylke. Dette speglar seg i rovvilterstatningane, der opp mot 90 prosent av alle erstatta lam og sau er erstatta som tap til jerv. Tapsprosenten har gått ned dei siste åra i Trollheimen etter at området blei tatt ut av yngleområdet for jerv i 2011. I følgje Rovbase er 15 jervar tatt ut av Statens Naturoppsyn i Trollheimen i perioden 2011-2014.
Grå kommunar på kartet tyder at det ikkje blir sendt inn tal frå beitelag der. Det blir ei stor utfordring for forvaltning av utmark, beite og rovvilt viss ein ikkje får dokumentasjon på tal dyr slopne og tapt på beite.

Stort potensiale for hogstauke

Møre og Romsdal har eit stort potensiale for aktivitetsauke i skogen. Dei førebelse erfaringane gjev eit snitt på om lag 60 m3 tømmer pr. dekar avverka skog.

Med auka hogstaktivitet kjem kravet om gode logistikkløysingar. 100 prosent av riksvegnettet held det nye kravet til 24 meter vogntoglengde, fylkesvegane om lag 75 prosent, men den store jobben ligg på kommunalt vegnett, der berre 11 prosent av vegane er opne for langhengar og lengde 24 meter. (Skjølås, Skog og Tre 2015). I veldig liten grad er det snakk om 60 tonns vogntogvekt, hovudsakleg 50 tonn, og mange stader ikkje meir enn 42 tonn.

Prosentvis avgang av dyrkajord 2005-2014 fordelt på kommune

Last ned

Omdisponering av dyrkajord i Møre og Romsdal 2005-2014

Last ned

Endring i tal dekar innmarksbeite fordelt på kommune 2005 - 2014

Last ned

Lammetap på utmarksbeite 2014 etter kommune

Last ned

Mengde hogstmoden gran i Møre og Romsdal rekna ut frå plantetal - og år

Last ned