Innanlandsmarknaden stadig viktigare for hotellnæringa i Møre og Romsdal

Innanlandsmarknaden stadig viktigare for hotellnæringa i Møre og Romsdal

I perioden januar – juli 2015 har Møre og Romsdal hatt totalt 838 417 overnattingar ved hotell, campingplassar, hyttegrender og vandreheimar. Dette er ein nedgang på 8,3 prosent samanlikna med same periode i 2014. 54 654 færre nordmenn (nedgang på 8,8 prosent) ferierte i Møre og Romsdal i denne perioden samanlikna med 2014. Internasjonale gjestedøgn har i same perioden hatt ein nedgang på 7,2 prosent. Verst var det for campingplassar og hyttegrender, der nedgangen var på heile 20,3 prosent. Veret i sommar må nok ta skulda for mykje av denne nedgangen. Det må også seiast at 2014 var eit svært godt år for reiselivsnæringa både i Møre og Romsdal og resten av landet.

Hotellsegmentet klarar seg betre; her er nedgangen på berre 0,6 prosent. I den samanhengen er det verd å nemne at byhotella rapporterer om godt besøk. Hotella i Ålesund hadde ein auke på 3,8 prosent, Molde ein auke på 11,7 prosent og Geiranger ein auke på 4,7 prosent. Hotella i Kristiansund hadde i same perioden ein nedgang på 5,1 prosent, som nok skuldast situasjonen innan industrien og særleg olje- og gassektoren. Fjord-Norge har i same perioden hatt ein auke på 1,0 prosent, medan landet totalt sett har hatt ein auke på 4,4 prosent i denne perioden.
Nordmenn er det desidert viktigaste kundesegmentet for Møre og Romsdal, og representerte i 2014 heile 68,8 prosent av det totale talet på overnattingar. For hotellnæringa er innanlandsgjestane ei endå større kundegruppe – dei utgjorde 73,0 prosent i 2014. Tyskland er den største internasjonale marknaden, etterfølgt av Sverige, Nederland, Storbritannia, Frankrike og Danmark.

Fjord Norge-regionen omfattar fylka Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. Fjordane er Noregs viktigaste internasjonale merkevare innan reiseliv, og regionen står for om lag 30 prosent (2014) av alle internasjonale overnattingar.

Samla kommersielle overnattingar i Møre og Romsdal januar-juli 2015 og 2014

Last ned

Tal hotellovernattingar i Møre og Romsdal 1985-2014, totalt og fordelt på norske og utanlandske overnattingar

Last ned

Summen av overnattinger ved hoteller, camping-plasser, hyttegrender og vandreheimar.

Last ned

Samla overnattingar etter overnattingsmåte Møre og Romsdal januar - juli 2015

Last ned