Høgare vekst i sysselsettinga

Høgare vekst i sysselsettinga

Frå 2014 til 2015 hadde Møre og Romsdal ein vekst på 1,1 prosent i talet på sysselsette. Dette er marginalt lågare enn veksten for landet sett under eitt, som i same perioden var på 1,2 prosent. I absolutte tal utgjer veksten på landsbasis ein auke på 31 000 sysselsette, der 1 383 av auken kom i Møre og Romsdal. Dei fylka som hadde høgast vekst var Akershus, Vest-Agder og Oslo, medan Nord-Trøndelag og Telemark hadde ein nedgang i talet på sysselsette.

I eit femårsperspektiv kjem det tydeleg fram at det er storbyfylka som opplever den sterkaste veksten i sysselsettinga. Akershus, Rogaland, Oslo, Sør-Trøndelag og Hordaland kjem ut med høgast vekst. Møre og Romsdal kjem på ein 8. plass i perioden 2010-2014, med ein vekst på 1,1 prosent.

Av kommunane i Møre og Romsdal opplevde 20 av 36 ein vekst i sysselsettinga frå 2013 til 2014. Prosentvis opplevde Aukra den klart høgaste veksten, med 9,4 prosent, medan Sula og Skodje kom på plassane bak, begge med ein vekst på 5,2 prosent. I absolutte tal opplevde Molde den sterkaste veksten med 554 sysselsette, følgt av Ålesund med 384 og Herøy med 146. Sunndal opplevde den største nedgangen i absolutte tal, med -109 sysselsette, medan Sandøy opplevde den prosentvis høgaste nedgangen, med -5,6 prosent.

I eit femårsperspektiv ser ein omtrent same utviklingstrekk; der 21 av kommunane har hatt vekst i sysselsettinga og 15 kommunar ein nedgang. Det er særleg kommunane kring byane og sterke industrikommunar som har opplevd den høgaste veksten i sysselsettinga, forutan byane sjølve. Av kommunane hadde 13 ein vekst som var høgare enn for fylket sett under eitt, og av desse hadde 10 ein vekst som var høgare enn landet sett under eitt. Størst nedgang i perioden var det i Stordal og Gjemnes, med høvesvis -15,4 prosent og -29 prosent.

Sysselsette, 15-74 år, etter arbeidsstadsfylke. Personar og prosent.

Last ned

Arbeidsplassveksten i fastlandsnoreg 2014

Last ned

Prosentvis vekst i sysselsettinga 2010-2014

Last ned