Høg yrkesdeltaking blant innvandrarane i fylket

Høg yrkesdeltaking blant innvandrarane i fylket

Innvandrarbefolkninga i Møre og Romsdal ligg heilt i landstoppen når det gjeld deltaking i arbeidslivet. Totalt var det 16 149 sysselsette innvandrarar buande i Møre og Romsdal i 2014, noko som var ei auke på om lag 7,6 prosent eller 1 134 personar frå 2013. Ser vi heile befolkninga under eitt, auka talet på sysselsette buande i fylket med 1,0 prosent eller 1 308 personar frå 2013 til 2014. Innvandrarane stod for 86,7 prosent av den samla veksten i sysselsettinga blant busette i fylket.

Deler vi den samla innvandrarbefolkninga etter kjønn, ser vi at det berre er eitt fylke som har ein høgare del menn sysselsett (Rogaland) og berre eitt fylke som har ein høgare del kvinner sysselsett (Finnmark). Samla for begge kjønn var delen sysselsette blant innvandrarane i fylket 68,0 prosent, nest høgast etter Rogaland, med 69,3 prosent.

Innvandrarbefolkninga er delt inn i to grupper i sysselsettingsstatistikken: Gruppe 1 er innvandrarar frå EU/EFTA, Nord-Amerika, Australia og New Zealand. Desse utgjer 69,0 prosent av alle sysselsette innvandrarar i Møre og Romsdal. Gruppe 2 er innvandrarar frå Asia, Tyrkia, Afrika, Latin-Amerika, Europa utanom EU\EFTA og Oseania utanom Australia. Desse utgjer dei resterande 31,0 prosentane av sysselsette innvandrarar i fylket.

Blant innvandrarar frå gruppe 1 i fylket var delen sysselsette høgast blant menn, med 78,6 prosent, noko som var tredje høgast av fylka. Delen kvinner sysselsett var 69,0 prosent. Frå gruppe 2 var delen sysselsette høgast blant kvinnene, med 57,3 prosent, mot 54,9 prosent av mennene. Skilnaden i delen sysselsette mellom innvandrarar frå landa i gruppe 1 og 2 er ikkje overraskande, då nesten all innvandring grunna flukt kjem frå land i gruppe 2, og fleirtalet av alle frå Gruppe 1 har arbeid som motivasjon for innvandringa.

Sysselsette innvandrarar, 15-74 år, etter bustadfylke, landbakgrunn og kjønn. 4 kvartal 2014

Last ned