Fortsatt sterk vekst i talet på sysselsette på korttidsopphald?

Fortsatt sterk vekst i talet på sysselsette på korttidsopphald?

Sysselsette på korttidsopphald er i statistikken definert som lønnstakarar som ikkje er registrert busett. Talet på sysselsette på korttidsopphald gjekk ned frå 2009 til 2010, men har i perioden etter hatt ein sterkt vekst kvart år, og samla er veksten på 127,4 prosent i perioden 2010-2014. Per 4. kvartal 2014 var det i alt 5 697 sysselsette på korttidsopphald i Møre og Romsdal, ein auke på 20,8 prosent eller 982 personar frå året før. Med det utgjorde dei 4,1 prosent av den samla sysselsettinga i fylket, opp 18,7 prosent frå 2013.

Det er klart flest sysselsette på korttidsopphald frå EU-land i Øst-Europa, i alt 4 394 personar eller 77,1 prosent av alle sysselsette på korttidsopphald. Norden og Vest-Europa kjem på plassane bak, med høvesvis 11,0 og 6,5 prosent av sysselsette på korttidsopphald. Saman med EU-land i Øst-Europa utgjer dei 94,6 av alle sysselsette på korttidsopphald. Veksten i sysselsette på korttidsopphald frå EU-land i Øst-Europa utgjer 83,4 prosent av den samla veksten i sysselsette på korttidsopphald.

Det er eit stort fleirtal menn som kjem til fylket for å arbeide i kortare tid. I 2014 var kjønnsdelinga 88,4 prosent menn og 11,6 prosent kvinner. Ser vi på kva næringar dei arbeider innanfor, ser vi at nær 60,0 prosent av mennene arbeider innan sekundærnæringar i fylket, særleg i industrien og i formidling og utleige av arbeidskraft. Tala i statistikken er frå 4. kvartal 2014, og tidspunktet var for tidleg til å fange inn konsekvensar av den uroa som no har råka næringa. Kvinnene deler seg i større grad mellom ulike næringar som arbeid innan formidling og utleige av arbeidskraft, sekundærnæringar, sørvisnæringar og helse- og sosialtenester.

Lønnstakarar ikkje registrert busette etter landbakgrunn per 4. kvartal, Møre og Romsdal*

Last ned

Sysselsette på korttidsopphald etter kjønn og næring per 4. kvartal 2014, Møre og Romsdal. Prosent

Last ned

Sysselsette i Møre og Romsdal etter busettingsstatus per 4. kvartal 2010-2014*

Last ned

Lønstakar ikkje registrert busette, etter kjønn per 4. kvartal Møre og Romsdal

Last ned