Fleire menn og færre kvinner arbeider deltid

Fleire menn og færre kvinner arbeider deltid

Ser vi på utviklinga frå 2000 til 2014 i talet på sysselsette etter avtalt arbeidstid så har utviklinga vore fleire menn og færre kvinner i deltidsstillingar. Talet på menn som arbeider 1-19 timar og 20-29 timar i veka har auka med høvesvis 32,5 og 50,7 prosent, medan talet på kvinner med same avtalt arbeidstid har gått ned med 4,3 og 10,5 prosent. Talet på menn med avtalt arbeidstid på 30 timar eller meir auka frå 2000 til 2014 med 9,0 prosent, medan veksten mellom kvinner med same avtalte arbeidstid i same perioden var på 36,9 prosent.

Sjølv om utviklinga har gått mot færre kvinner i deltid er det framleis langt fleire kvinner enn menn i (låge) deltidsstillingar. Ser vi på dei med ei avtalt arbeidstid mellom 1-19 timar er 64,5 prosent kvinner, mellom dei med ei arbeidstid på 20-29 timar er 76,9 prosent kvinner, medan kvinner berre utgjer 36,9 av dei med ei avtalt arbeidstid på 30 timar eller meir.

I to næringar har over halvparten av alle sysselsette kvinner ei avtalt arbeidstid per veke som er lågare enn 30 timar. Det er varehandel, reperasjon av motorvogner og overnatting- og serveringsverksemder. Sistnemnde er òg næringa der flest menn – 45,8 prosent – har ei avtalt arbeidstid per veke på under 30 timar.

Det er to næringsgrupper som skil seg ut frå resten, ved at det både er omtrentleg kjønnsbalanse i delen kvinner og menn sysselsette i næringa samstundes som det også er låge skilnader mellom kvinner og menn i avtalt arbeidstid per veke: Det er finansiering og forsikring og offentleg administrasjon, forsvar samt sosialforsikring.
Oversikta sysselsette etter avtalt arbeidstid per veke etter næring og kjønn inkluderer alle som er sysselsett, uavhengig av stillingsprosent og liknande.

Sysselsette per 4. kvartal 2014 etter avtalt arbeidstid per veke etter næring og kjønn.

Last ned

Sysselsette etter avtalt arbeidstid fordelt på kjønn

Last ned