Best i landet til å sysselsette innvandrarar

Best i landet til å sysselsette innvandrarar

Verksemdene i Møre og Romsdal er best i landet til å ta i bruk innvandrarar. Indikatorane i tabellen viser verksemder med fleire enn 10 sysselsette busett i Noreg* og om delen sysselsette innvandrarar i verksemda speglar delen innvandrarar i befolkninga. Som ein kan sjå i tabellen sysselset verksemdene i fylket ein høgare del innvandrarar enn kva verksemder i andre fylke gjer, med 16 prosent over den delen innvandrarane utgjer av befolkninga (indeks 116). Møre og Romsdal har toppa denne statistikken kvart år sidan 2011.

Best ut kjem innvandrarar frå gruppe 1, altså EU\EØS, USA m.m., kor delen sysselsette innvandrarar er 26 prosent høgare enn delen innvandrarar utgjer i befolkninga. Frå gruppe 2; Asia, Afrika m.m. er delen sysselsette innvandrarar berre litt høgare enn delen dei utgjer av befolkninga, med 2 prosent høgare del sysselsette enn del busette – dette er likevel mykje betre enn landssnittet (indeks 88).

Ser vi på delen sysselsette innvandrarar i Møre og Romsdal og landet sett under eitt i perioden 2008 til 2014, ser vi at delen sysselsette er høgare i Møre og Romsdal for begge innvandrargruppene, samt befolkninga elles, enn for landet sett under eitt. Ei årsak til at delen sysselsette innvandrarar ikkje skil seg særleg frå resten av befolkninga er aldersinndelinga, då delen eldre er langt lågare blant innvandrarane enn befolkninga elles.

Skilnaden i sysselsettinga mellom dei to innvandrargruppene skuldast dels høg arbeidsinnvandring frå gruppe 1, men òg at mange i gruppe 2 med flyktningebakgrunn har kort butid i landet. Delen sysselsette innvandrarar aukar med butida i landet, men likevel ser ein skilnader etter landsbakgrunn. På nasjonalt nivå ser ein at innvandrarar med butid i landet på over sju år har høgast del sysselsette frå Norden, med 73,2 prosent, og lågast frå Afrika, med 51,2 prosent.

*Anna verksemdsstatistikk er delt inn etter arbeidsstad, ikkje bustad, og vil dermed ikkje vere samanliknbar.

Indikator for verksemders bruk av innvandrarar, 2014.

Last ned

Sysselsette, innvandrarar og befolkninga elles, i prosent av kvar gruppe, Møre og Romsdal og landet

Last ned