20 prosent av alle landets yrkesfiskarar bur i Møre og Romsdal

20 prosent av alle landets yrkesfiskarar bur i Møre og Romsdal

Møre og Romsdal er eit fiskerifylke. I fylket er det 2 004 personar som er registrert med fiske som hovudyrke og 214 som har det som attåtyrke (2014). Dette utgjer omtrent 20 prosent av alle landets fiskarar. Det er i Herøy, Ålesund og Giske det bur flest fiskarar, med høvesvis 309, 305 og 230 personar med fiske som hovudyrke. Det er flest menn som har fiske både som hovudyrke og attåtyrke. Fiskaryrket er svært mannsdominert og av dei som har fiske registrert som hovudyrke er 97,3 prosent menn. Møre og Romsdal er det fylket med nest flest kvinnelege registrerte fiskarar, etter Nordland, men kjønnsbalansen er likevel ikkje ulik næringa elles.

Det er ein klar trend at det blir færre fiskarar og fiskefartøy i Møre og Romsdal, som i Noreg elles. Den same trenden ser vi når det kjem til fiskefartøy, der talet på registrerte fiskefartøy har gått ned med 8 253, eller nesten 58 prosent, sidan 1995. For Møre og Romsdal er talet registrerte fiskefartøy redusert med 961 i denne perioden. Fylket har likevel ein betydeleg fiskeflåte fordelt på dei ulike fartøylengdene. Fylket har heile 75 registrerte fiskefartøy over 28 meter, noko som er 50 prosent høgare enn det nest største fylket (Hordaland). Uavhengig av fartøylengde er det flest registrerte fiskebåtar i Herøy kommune, med Giske og Fræna kommune som nummer 2 og 3.

For bruk av spesielle fartøy eller for deltaking i spesielle fiskeri krevst det konsesjon. Møre og Romsdal har ein betydeleg del av konsesjonane innanfor desse fiskeria, som t.d. innan ringnot, torsketrål, reketrål med fleire. Møre og Romsdal er også det fylket som har registrert flest brønnbåtar i Noreg, med heile 45 prosent av dei registrerte fartøya.

Fiskarar og fartøy per kommune, fylket og landet, 2012-2014

Last ned