Veg – ein viktig, men kostbar, rammefaktor for samfunnsutvikling

Veg – ein viktig, men kostbar, rammefaktor for samfunnsutvikling

Møre og Romsdal fylkeskommune eig omlag 3 100 km veg i fylket. Til samanlikning har staten ca. 550 km.
Samferdsel dannar grunnlaget for varetransport og transport av personar, som igjen skaper moglegheiter for utvikling av næring og busetnad. På motsett side vil fråvær av samferdsel skape nedgang - og i yste konsekvens avvikling - av næring og samfunn.

Den største utfordringa i forhold til vegnettet i Møre og Romsdal er sjølve topografien i fylket, der vi har storhavet, innlandet, låglandet og høglandet – i tillegg til at fylket er delt opp av fjordar. Denne topografien gjer det kostbart og teknisk komplisert å bygge infrastruktur i fylket. Dette kjem til syne mellom anna ved at fylket har om lag 7 prosent av fylkesvegnettet i Noreg målt i km. Vår del av vedlikehaldsetterslepet i Noreg er på rundt 10 prosent, - berekna i 2013 til minst 5,7 milliardar kroner*.

Det er mange forhold som påverkar byggekostnadane for veganlegg. Dei viktigaste er topografien, tettbygd strøk/utmark, den europeiske anleggsmarknaden og marknadssvingingar i forhold til andre innsatsfaktorar i anlegget. Dette kjem til syne når ein ser variasjonen i kostnad pr. meter for dei ulike vegelementa. Vi ser at eín meter ny veg som er 8,5 meter brei i gjennomsnitt kostar mellom 70 000 og 120 000 kroner.

Når vi ser utviklinga på drift og byggekostnadane for veganlegg opp mot konsumprisindeksen (prisutvikling og inflasjon for varer og tenester), ser vi at dette er eit område der prisane har vakse ein god del meir enn for andre varer og tenester. I 2014 var konsumprisindeksen på 2 prosent, medan indeksen for driftskostnadar for vegnett var 2,4 og for vegbygging 2,7.

*) Rapport frå Statens vegvesen «Kva vil det koste å fjerne forfallet på fylkesvegnettet?» rapport 183, 2013.

Fylkesvis oversikt over omfang av tunnelar, bruer og ferjekaier på fylkevegnettet 2013*

Last ned

Gjennomsnittlege omtrentlege priser for ­vegbygging 2014

Last ned

Generell priutvikling og vegkostnadar

Last ned