Stor skilnad i kommunane sin bruk av Trygt heim for ein 50-lapp
Stor skilnad i kommunane sin bruk av Trygt heim for ein 50-lapp
Trafikktryggingstiltaket Trygt heim for ein 50-lapp vart starta opp i Møre og Romsdal hausten 2004. Ordninga gjer at ungdom kan kome seg heim på ein trygg måte på kveld og nattetid i helgene. Transporten blir utført med drosje og kostar 50 kroner per tur i eigenandel. Om lag 22 000 reiser er så langt gjennomført gjennom ordninga.
Med nokre unntak har det vore ein jamn auke i bruken av ordninga. I alt 28 kommunar har tatt ordninga i bruk. Kommunar med nattbusstilbod er unnateke og det finst også kommunar som har takka nei til tilbodet. Det er stor skilnad mellom kommunane når det gjeld bruken. Omfanget av fritidstilbod i helgane, kommunestorleik, rutene i dei ulike kommunane m.m., kan spele inn her.