Større trafikkauke i Møre og Romsdal enn i landet

Større trafikkauke i Møre og Romsdal enn i landet

Vegtrafikken i fylket har auka med mellom 1,5 og 3,0 prosent pr. år i heile perioden 2008 til 2014. Vegtrafikken auka òg for landet totalt i same periode. Eit tydeleg trekk er likevel at vegtrafikken aukar meir i Møre og Romsdal enn i landet i heile perioden. Frå 2012 til 2013 auka vegtrafikken i Møre og Romsdal med 2,5 prosent. Frå 2013 til 2014 med 2,9 prosent. Tilsvarande tal for landet var høvesvis 1,2 og 1,7.

Kva trafikktal som er utgangspunkt for auken er sjølvsagt vesentleg, og dei varierer mykje på ulike teljepunkt målt i årsdøgntrafikk (ÅDT). Høgast tal for 2014 finn vi på teljepunkta Volsdalen på E136 i Ålesund, med ÅDT på 23 237 køyretøy, rv. 70 teljepunkt Atlanten i Kristiansund, på 19 081 og E39 teljepunkt Tøndergård i Molde, med 14 113.

Tungtrafikken utgjer berre mellom 5 og 9 prosent. Her er teljepunkt Horgheim på E136 i Romsdalen høgast, med 25,6 prosent tungtrafikk. Fv. 664 teljepunkt Kjørsvik i Fræna er den fylkesvegen som har høgast trafikktal, med ÅDT på 2 074 i 2014.

Trafikkauken tyder på høg og aukande aktivitet knytt til både arbeid og fritid, noko Transportøkonomisk institutt si siste reisevaneundersøking stadfester. Det kan ligge mykje god samfunns- og velferdsutvikling bak denne auken, men det gir likevel store utfordringar. Klimagassutsleppa aukar, det same gjer støv- og støyproblema. Trafikktryggleiken blir meir krevjande å ta i vare. Dette gir press på kapasiteten i vegnettet og på ferjene, som igjen inneber ulemper for trafikantane. Ikkje minst gir det auka slitasje på vegnettet og større behov for oppgradering og vedlikehald.

Auke i trafikkmengd 2008-2014, Møre og Romsdal og landet

Last ned

Årsdøgntrafikk (ÅDT) på tellepunkt i Møre og Romsdal 2010 og 2014 – topp 10 i 2014

Last ned