Færre ulykker med personskadar

Færre ulykker med personskadar

Tal ulykker med personskade i vegtrafikken har gått jamt nedover sidan 2005, og denne trenden held seg. Fram til 2010 omkom det årleg om lag 15 personar i vegtrafikken i Møre og Romsdal (tala varierer ein del frå år til år fordi dei er så låge). Etter 2010 har tala vore nede på mellom 5 og 10 personar.
Frå 2010 til 2014 viser trenden ein klar nedgang i tal ulykker med personskade i Møre og Romsdal, frå 353 i 2010 til 286 i 2014. Tal drepne og hardt skadde pr. år har også gått ned i perioden; frå 62 til 43 personar i Møre og Romsdal.

Oversikten over ulykkesårsaker viser at einsleg køyretøy utfor vegen er den mest vanlege årsaka til ulykker med personskade i Møre og Romsdal. Desse utgjorde 42 prosent av ulykkene i 2014. Møteulykker som ikkje skuldast forbikøyring samt påkøyring bakfrå følgjer deretter. Desse utgjorde kvar 12 prosent av ulykkene. Ulykker med fotgjengarar utgjorde 9 prosent av ulykkene.

Det er særleg møteulykker, ulykker ved avsvingning og påkøyring bakfrå som er redusert frå 2010 til 2014. Ulykker med forgjengarar har ikkje gått ned like mykje, men det er ein reduksjon frå 28 i 2010 til 25 i 2014.

Det er framleis gruppa frå 15 til 24 år som er mest ulykkesutsett. I åra 2010 til 2014 vart 15 ungdommar i alderen 15 til 24 år drepne i trafikken i Møre og Romsdal. I tillegg vart 58 hardt skadde og 557 lettare skadde. Frå midten av tjueåra går ulykkestala nedover – og frå midten av 50-åra går dei endå meir ned. I aldersgruppa 75 år og eldre var det i perioden 2010 til 2014 6 drepne, 13 hardt skadde og 80 lettare skadde.

Går ein djupare inn i ulykkesstatistikken og kunnskapane rundt, kjem det fram at føraren eller trafikanten sine val og handlingar er den største medverkande årsaka til ulykker og utfallet av dei.

Personer drept eller skadd i vegtrafikkulykker, Møre og Romsdal 2014 etter ulykkestype

Last ned

Aldersgruppe og skadegrad Møre og Romsdal 2010 - 2014

Last ned

Tal ulykker og tal drepne/hardt skadde personar, Møre og Romsdal 2010 - 2014

Last ned