Låg del som reiser kollektivt, syklar og går

Låg del som reiser kollektivt, syklar og går

Transportøkonomisk institutt (TØI) si reisevaneundersøking viser at delen som reiser kollektivt framleis er låg; Desse utgjer berre om lag 5 prosent av alle gjennomførte reiser i dei tre største byane i Møre og Romsdal i 2013/2014.

Sykkeldelen er òg låg (3 og 4 prosent), medan gange, som òg blir definert som ei reise, ligg i overkant av 20 prosent. Det er berre marginale endringar i bruken av transportmiddel frå 2009. På desse fem åra har delen sykkelreiser i dei tre byane auka med eitt prosentpoeng. I Kristiansund er delen som går auka med tre prosentpoeng, medan delen som reiser kollektivt har auka med to prosentpoeng i Ålesund.

Om lag 70 prosent av reisene skjer med bil, anten som førar eller som passasjer.

Samanlikna med landet elles ligg både kollektivdelen, gange og sykkel i dei tre byane under landssnittet, men undersøkingar viser at vi ligg på same nivå som byar vi kan samanlikne oss med. Sett i forhold til Oslo ligg våre byar likevel svært langt under.

Konsulentselskapet Urbanet Analyse har sett på kvifor delen som går, syklar og reiser kollektivt er så låg i dei tre byane i Møre og Romsdal. Dei har kome fram til tre viktige faktorar: Det eine er tilgang til bil og førarkort. 90 prosent av befolkninga i Midt-Noreg bur i husstandar som disponerer minst ein bil. Det andre er tilgang til eit godt eller svært godt kollektivtilbod, definert som under 500 meter til aktuell haldeplass og minst 15 minuttars avgangar. Berre Ålesund by har eit slikt tilbod i delar av sitt område, resten av fylket har berre eit middels godt tilbod. Det tredje er tilgang til parkering, der om lag 70 prosent av dei reisande i Midt-Noreg har så god tilgang til gratis parkeringsplass hos arbeidsgivar at bilen blir valt framfor andre løysingar.

Transportmiddelfordeling 2009 og 2013/14

Last ned

Bruk av ulike kollektivprodukt på buss 2013 og 2014

Last ned