Ferjetrafikk

Ferjetrafikk

Jamt aukande ferjetrafikk i Møre og Romsdal

Møre og Romsdal er fortsatt det største ferjefylket, der det blir transportert flest kjøretøy og passasjerar. Om lag 6 millionar passasjerar og 6,5 millionar kjøretøy reiste med ferje i fylket i 2014, og dette utgjorde om lag 28 prosent av alle passasjerar og 31 prosent av alle kjøretøy på nasjonalt plan.

Samanliknar ein talet på personbileiningar (PBE) i åra 2010 til 2014 ser ein at på tross av årlige variasjonar, er trenden ein jamn auke i trafikken. Talet på frakta personbileiningar har auka med om lag ein million frå 2010 til 2014, noko som utgjer ein auke på 10,7 prosent i denne perioden. Attståande kjøretøy har i same perioden auka betrakteleg og nærmare 73 000 kjøretøy er registrert som attståande i 2014. Dette er det utfordrande å løyse innanfor dei økonomiske rammene til ferjedrift. Attståande kjøretøy er knytt til spesielle tidspunkt på døgnet på ulike samband. Ser ein alle samband under eit, så er ettermiddagen tidspunktet som er mest belasta med attståande kjøretøy.

Auke i elektriske kjøretøy på ferje i Møre og Romsdal

Det er registrert over 1600 elbilar i Møre og Romsdal og det var registrert nærmare 37 000 reiser med el-bil på ferjene i fylket i 2014. Talet på reiser med el-bil har auka kraftig i perioden 2010 til 2014. Det sambandet som fraktar flest el-bilar er Sykkylven-Magerholmen med over 12 000 registrert frakta elbilar, men det er sambandet Molde-Sekken som har størst innslag av el-bilar i høve til frakta bilar i takstsone 5-6 meter. Der utgjer el-bilar om lag 2,3 prosent, mot om lag 1,6 prosent på sambandet Sykkylven-Magerhom.

Døgnvis attståande kjøretøy i Møre og Romsdal 2014

Last ned

Totalt frakta personbileiningar (PBE) i Møre og Romsdal 2010-2014

Last ned

Utvikling i el-biltrafikk på ferjene i Møre og Romsdal 2010-2014

Last ned