Svak auke i passasjertala for buss

Svak auke i passasjertala for buss

I 2013 var passasjertala for buss i heile Møre og Romsdal 8 289 815, og i 2014 var passasjertalet 8 241 680. Det var dermed ein liten nedgang på 0,6 prosent.

Med nye bruttokontraktar (som inneber at fylkeskommunen har det totale ansvaret for tilbodet, inkludert inntekter) og elektronisk billettering, som er innført dei siste åra, har vi fått betre totaloversikt og sikrare passasjertal. Reiseomfanget for dei tre store bruttokontraktane for perioden januar – juni i 2014 og 2015 viser ein svak auke for alle kontraktane. Størst er auken for kontrakten Molde – Gjemnes, med 10,1 prosent auke. Ruta Hessa – Magerholm i Ålesund er den ruta som har høgast passasjertal, med om lag 630 000 passasjerar i denne perioden.

Den mest selde billett-typen er framleis enkeltbillett, trass i fleire rabatterte produkt og moglegheiter for påfylling av elektroniske reisekort via internett.

Passasjertal for tre bruttokontraktar på buss

Last ned