Skilnaden i lønsinntekt går ned, men svært sakte

Skilnaden i lønsinntekt går ned, men svært sakte

Det er, og har vore, store skilnader mellom kva menn og kvinner tener, også i Møre og Romsdal. Årsakene til skilnaden er samansette. Dels kan det skuldast eit næringsliv i Møre og Romsdal som tradisjonelt har vore sterkt i typisk mannsdominerte næringar. Dels kan det skuldast at langt fleire kvinner enn menn arbeider deltid. Historisk har det òg vore langt fleire menn enn kvinner med lang (fire år eller meir) høg utdanning, – men denne trenden er i ferd med å snu heilt.

Om vi ser så langt tilbake som SSB har tal på personinntekt etter kjønn, kan vi sjå at menn tente nær dobbelt så mykje som kvinner. Frå 1993 til 2013 hadde kvinner ein høgare prosentvis auke i inntekta si, men utan at det reduserte lønsskilnaden mellom kvinner og menn særleg. I perioden auka inntekta til kvinner med 230 prosent, frå 66 000 til 217 800 kronar, medan inntekta til menn auka med 181 prosent, frå 122 000 til 342 800 kronar.

Ser vi på utviklinga av den gjennomsnittlege lønsinntekta til kvinner i prosent av menns i perioden, viser tala at den høgare lønsutviklinga til kvinner i prosent har hatt ein relativt liten utjamnande effekt. I 1993 utgjorde lønsinntekta til kvinner 54,1 prosent av lønsinntekta til menn. Fram til 2013 minka skilnaden til 63,5 prosent, ein vekst på 17,4 prosent. Det svarar til ei utjamning på under 1,0 prosent i året i perioden.

Bustadmarknaden har i ein lengre periode hatt prisvekst, med mindre variasjonar enkelte år. Stadig fleire unge ønskjer å kome seg inn i «bustadstigen» tidleg, noko som kan vere svært lønsamt. Samtidig må unge i større grad lånefinansiere bustadkjøp, ofte med lågare sikkerheit grunna kort tid til formuebygging. Dette gjer dei unge særleg utsette for svingingar i sysselsetting og rentenivå. I perioden frå 1999 til 2013 hadde unge vaksne vekst i gjennomsnittleg bruttoinntekt på 62,0 prosent, medan den gjennomsnittlege gjelda auka med 156,8 prosent. Gjennomsnittleg gjeld er all form for gjeld, og difor vil ulike former for kortsiktig gjeld dra ned gjennomsnittleg gjeld.

Utvikling i gjennomsnittleg personinntekt lønn etter kjønn , Møre og Romsdal, 1993-2013.

Last ned

Utvikling i gjennomsnittleg bruttoinntekt og gjeld, personar 17-34 år, Møre og Romsdal 1999-2013

Last ned