Litt lågare bruttoinntekt enn landsgjennomsnittet

Litt lågare bruttoinntekt enn landsgjennomsnittet

Bruttoinntektene til innbyggarane i Møre og Romsdal ligg litt lågare enn for innbyggarar i landet sett under eitt. Det er berre sju kommunar der gjennomsnittleg bruttoinntekt for begge kjønn er høgare enn kva den er for heile landet. Det er også sju kommunar der medianinntekta (begge kjønn) er høgare enn gjennomsnittleg medianinntekt for heile landet. Den gjennomsnittlege bruttoinntekta i Møre og Romsdal var i 2013 på 392 700 kroner for begge kjønn, mot 407 100 kroner på landsbasis.

Menn i Møre og Romsdal tente også lågare enn kva menn gjorde på landsbasis, men skilnaden er lågare for menn enn for kvinner (og dermed begge kjønn samla). Gjennomsnittleg tente ein mann i Møre og Romsdal 477 500 kroner mot 487 800 kroner på landsbasis i 2013. Gjennomsnittleg bruttoinntekt for kvinner var 305 100 kroner i Møre og Romsdal, heile 21 300 kr lågare enn landsgjennomsnittet, der kvinner tente 326 400 kroner.

Høgast medianinntekt hadde innbyggjarane i Molde, med 373 500 kroner, noko som var 22,9 prosent høgare enn i Stordal kommune, kor medianinntekta var lågast, med 303 700 kroner.

Sandøy kommune ligg på topp når ein ser på gjennomsnittsinntekt samla for begge kjønn og for menn, medan Molde toppar for kvinner. Stordal ligg på botn både for begge kjønn samla og for menn, medan Sande ligg på botn for kvinner. Ein må ta tala for gjennomsnittleg inntekt med ei klype salt, då tala er svært sårbare for ekstremverdiar; til dømes at få personar tener svært mykje eller svært lite – noko som får langt større konsekvensar for berekninga av gjennomsnitt i kommunar med få innbyggarar enn i dei meir folkerike kommunane.

Hovudpostar frå likninga for busette personar 17 år og eldre, 2013

Last ned