Ulik næringsstruktur er drivkrafta for pendling

Ulik næringsstruktur er drivkrafta for pendling

Arbeidsmarknaden i Møre og Romsdal har ei relativt stor og stabil arbeidskraftutveksling. Innpendling til ein kommune etter næring speglar først og fremst næringsstrukturen i kommunen.

Blant innpendlarane til dei største bykommunane i fylket var det i 2014 relativt mange som arbeidde innanfor sørvisnæringane. Nær halvparten (47 prosent) av innpendlarane til Ålesund arbeidde innanfor sørvisnæringane. Tilsvarande tal for Kristiansund og Molde var høvesvis 42 prosent og 35 prosent.

Fire kommunar; Molde, Ålesund, Ulstein og Sunndal hadde netto innpendling i 2014 (dvs. fleire inn- enn utpendlarar). Meir enn 60 prosent av innpendlarane til Ulstein var sysselsette innanfor sekundærnæringar, mot 50 prosent i Sunndal. Dei to andre kommunane, Molde og Ålesund, hadde største del innpendling til sørvisnæringane.

Ser vi på dei fire kommunane med høgast netto utpendling (dvs. fleire ut- enn innpendlarar), ser vi korleis dei bynære kommunane forsyner byane med arbeidstakarar. Sula, Fræna, Giske og Skodje har høgast netto utpendling i absolutte tal. Sula, Giske og Skodje har størst relativ del utpendling til arbeid innan sørvisnæringane, medan Fræna har størst relativ del utpendling til sekundærnæringane.

Det er relativt lite pendling innanfor helse- og sosialtenester. Volda er den einaste kommunen der største delen av innpendlarane, det vil seie 36 prosent, var sysselsette innanfor denne sektoren. Volda hadde også den høgste delen innpendlarar som arbeidde innanfor undervisning; 15 prosent av dei som pendla inn til Volda var sysselsette i undervisningssektoren.

Enkelte kommunar i fylket skil seg ut med at både innpendlinga og utpendlinga er relativt låg. Dette gjeld Norddal, Stordal, Halsa, Smøla og Sandøy. Kommunen med lågast innpendling og utpendling i 2014 var Sandøy.

Pendling etter næring per kommune i Møre og Romsdal 2014

Last ned

Pendlingsstraumar mellom kommunane i Møre og Romsdal 2014

Last ned