Høg arbeidspendling mellom kommunane

Høg arbeidspendling mellom kommunane

Pendling er definert som ei arbeidsreise der arbeidstakar kryssar minst ei kommunegrense. Pendling blir skapt der det er underskot på arbeidsplassar i forhold til arbeidsstyrken. I 2014 var det 136 789 sysselsette personar busett i Møre og Romsdal og 131 844 sysselsette med arbeidsstad i fylket. Dette gav ei underdekning på arbeidsplassar på 4 945. I 2014 var det 9 951 personar som arbeidspendla ut av fylket, medan 5 006 personar pendla inn. I prosent gav dette ei utpendling på 7,3 prosent av alle sysselsette busett i fylket og ei innpendling på 3,8 prosent av sysselsette med arbeidsstad i fylket.

Blant pendlarane var det fleire menn enn kvinner. I Møre og Romsdal er det relativt høg arbeidspendling, og pendlarmatrisa indikerer at det er høg utveksling av arbeidskraft mellom kommunane. I 2014 var om lag eín av fire sysselsette pendlarar. Målt i absolutte tal var innpendlinga størst til Ålesund, med 8 486 personar. Deretter følgjer Molde, Ulstein og Kristiansund kommunar. Målt i forhold til arbeidsplassar var innpendlinga størst til Ulstein, med 44,8 prosent. Det betyr at nærare annankvar arbeidstakar i Ulstein arbeidspendla til kommunen i 2014. I 2014 var det 4 905 personar som pendla ut frå Ålesund. Også frå Sula og Fræna var det stor utpendling. I prosent var utpendlinga størst frå Skodje, med 64,6 prosent.

Blant kommunane var det ti kommunar som hadde ei utpendling på meir enn 40 prosent. At arbeidspendlinga er høg i Møre og Romsdal kjem også til uttrykk ved at dei fleste kommunane i fylket hadde netto utpendling i 2014. Unntaka var Molde, Ålesund, Ulstein og Sunndal. Dette er kommunar med høg arbeidsplassdekking, altså med fleire arbeidsplassar enn sysselsette busett i kommunen. Pendlingsmatrisa viser at det er høg innpendling til desse fire kommunane frå dei kommunane som ligg kring.

Kristansund er den einaste av dei tre store byane som har netto utpendling.

Pendling per kommune 4. kvartal 2014

Last ned

Tal pendlarar ut / inn per kommune 2014 etter kjønn

Last ned