Offentlege arbeidsplassar

Offentlege arbeidsplassar

Nesten kvar tredje arbeidstakar i offentleg sektor

Summerer ein sysselsettinga i kommunar, fylkeskommunar og stat finn ein om lag 30 prosent av samla sysselsetting både i landet og i Møre og Romsdal. Nesten 60 prosent av desse er tilsett i kommunane, medan stat og fylkeskommune samla utgjer omlag 40 prosent.

Staten sysselset i overkant av 10 000 arbeidstakarar i Møre og Romsdal. Eit stort tal, men det utgjer berre i underkant av 8 prosent av den samla sysselsettinga i fylket. For heile landet er det over 290 000 som er sysselsett i statleg sektor, noko som utgjer om lag 11 prosent av samla sysselsetting. Møre og Romsdal er framleis blant dei fylka som har aller lågast del statlege arbeidsplassar målt mot samla sysselsetting, og vi tapar stadig terreng i høve til resten av landet.

Dei siste 10 åra har talet på statlege arbeidsplassar vakse med over 18 prosent på landsbasis, medan tilsvarande tal for vårt fylke er 11 prosent. Vi måtte hatt 4 500 fleire statlege arbeidsplassar for å nå opp på landsgjennomsnittet.

Med litt over 2 500 sysselsette i fylkeskommunen i Møre og Romsdal utgjer dette 2 prosent av samla sysselsetting. Også her ligg vi lågt samanlikna med andre fylke, og berre fylke med store byar ligg lågare. Kommunal sektor, rekna som del av samla sysselsetting, er om lag like stor i vårt fylke som i landet samla.

Flest statlege arbeidsplassar i Ålesund

Nesten kvar fjerde arbeidstakar i Volda er tilsett i staten, noko som er klart høgast relativt sett i Møre og Romsdal. I tillegg til Volda er det berre Molde (15,5 prosent) og Ålesund (13,8 prosent) som har ein høgare del enn landet samla, som er 11 prosent. Kristiansund, med sine 9,3 prosent, ligg over fylkesgjennomsnittet, men under landet samla. Rekna i tal er det Ålesund som har flest statlege arbeidsplassar, med 3 925. Deretter kjem Molde, med 2 755, og Kristiansund med 1 136. Sjølv om dei tre største byane har flest statlege arbeidsplassar når dei likevel ikkje opp til Volda når vi reknar i del av samla sysselsetting. Veksten i statlege arbeidsplassar har vore klart størst i dei tre byane sidan 2008, medan Volda, Sande, Eide og Tingvoll har mist statlege arbeidsplassar i denne perioden.

Høgast del fylkeskommunale arbeidsplassar i Molde og Tingvoll

Både i Molde og Tingvoll er det 3,5 prosent av dei sysselsette som har fylkeskommunen som arbeidsgjevar, noko som er langt over gjennomsnittet i fylket, på 2,1 prosent. Det er likevel i Ålesund ein har flest fylkeskommunale arbeidsplassar, med 660, medan Stordal, Skodje og Halsa ikkje har fylkeskommunale arbeidsplassar. Auken i talet på fylkeskommunale arbeidsplassar har vore størst i Ålesund sidan 2008, med Molde og Kristiansund på dei neste plassane. Samanliknar ein den relative veksten i dei tre størst kommunane blir rekkefølgja den same; Ålesund 19 prosent, Molde 11 prosent og Kristiansund 6 prosent.

Kvar femte arbeidstakar er tilsett i ein kommune

Kommunal sektor sysselset 27 118, eller 20,6 prosent av arbeidstakarane i Møre og Romsdal. Talet på sysselsette følgjer naturleg nok i stor grad talet på innbyggarar, men delen som er sysselsett i kommunen er i stor grad omvendt proporsjonal med talet på innbyggarar. I dei fire største kommunane i fylket er i snitt 16 prosent av dei sysselsette tilsett i kommunen. Tilsvarande tal for dei fire minste kommunane er nesten det doble, 30 prosent. I Halsa, Tingvoll, Rindal og Nesset er meir enn kvar tredje arbeidsplass i kommunal sektor. I Volda, Stranda, Herøy, Haram, Sykkylven, Molde, Ålesund og Ulstein er mindre enn kvar femte arbeidsplass i kommunen.

Sysselsette personar etter arbeidsstad og sektor 2014

Last ned

Statlege arbeidsplassar som del av sysselsette i kommunane 2014. Prosent

Last ned

Fylkeskommunale arbeidsplassar som del av sysselsette i kommunane 2014. Prosent

Last ned