Auke i trafikk-kriminalitet

Auke i trafikk-kriminalitet

Talet på melde lovbrot i Møre og Romsdal auka i 2013 og 2014 samanlikna med åra tilbake til 2009. I landet elles har det vore nedgang i talet på melde lovbrot. Bryt vi tala ned i melde lovbrot per 1 000 innbyggarar, kjem fylket likevel godt ut.

Møre og Romsdal har låg kriminalitetsrate samanlikna med andre fylke. Gjennomsnittet for åra 2013 og 2014 var 44,1 melde lovbrot per 1 000 innbyggarar. Dette er litt høgare enn 43,8, som var talet for perioden 2012 og 2013. Berre i Sogn og Fjordane er det lågare tal på melde lovbrot (42,5). Det høgaste talet finn vi i Oslo, med 126,6. For landet som heilheit er talet 71,9.

Kor alvorleg brotsverka er, kan også vere av interesse. Ein vanleg skilnad er mellom brotsverk og regelbrot (forseelse). Eit grovt lovbrot blir omtala som brotsverk. Tabellen til høgre viser dei samla tala og tala brote ned i brotsverk og regelbrot for kommunane i Møre og Romsdal for periodane 2012-2013 og 2013-2014. I 20 av kommunane i fylket har talet på melde lovbrot auka i perioden. Bryt vi ned tala, ser vi at talet på brotsverk i heile fylket har minka litt, medan talet på regelbrot har auka. Med andre ord har talet på grov kriminalitet minka litt. Det er flest melde brotsverk per 1 000 innbyggarar i dei tre største byane.

Brotsverk kan også brytast ned i type kriminalitet. Kategoriane Anna vinningskriminalitet (27,6 prosent), Trafikk-kriminalitet (22,3 prosent) og Anna kriminalitet (15,4 prosent) var dei tre største lovbrotskategoriane i fylket i 2014. Samla utgjer dei 65,3 prosent av melde lovbrot. Ser vi på utviklinga i lovbrotstypar over tid, finn vi at narkotikakriminalitet utgjer 13,5 prosent i 2014 mot berre 7,8 prosent i 2004, trass i ein nedgang frå 2013. Størst auke i talet på melde brotverk frå 2013 til 2014 er det for trafikk-kriminalitet.

Melde lovbrot i Møre og Romsdal etter lovbrotstype 2004 - 2014

Last ned

Melde lovbrot per 1000 innbyggarar 2013-2014 (to års gjennomsnitt)

Last ned

Melde lovbrot per 1 000 innbyggarar i Møre og Romsdal (årleg gjennomsnitt)

Last ned