Lite endring i kjønnslikestilling

Lite endring i kjønnslikestilling

Statistisk sentralbyrå (SSB) sin likestillingsindeks blir publisert kvart år i februar/mars. Indeksen har 12 indikatorar som gir kommunar og fylke ein samanliknbar skår på kjønnslikestilling. Møre og Romsdal har lågare skår enn landsgjennomsnittet på 9 av indikatorane.

Likestillingsindeksen viser at det skjedde små endringar på likestillingsområdet dei fem åra frå 2009 til 2013, både i landet og i fylket. På dei fleste indikatorane er indeksen svært stabil. Unntaket er delen fedrar som tar ut heile fedrekvoten eller meir. I Møre og Romsdal har denne delen auka frå 61,0 prosent i 2009 til 69,9 prosent i 2013. Her ligg fylket over landsgjennomsnittet.

Eit anna område der vi ser endring, er kjønnsfordeling blant leiarar. 33,1 prosent av leiarane i Møre og Romsdal i 2013 var kvinner, det er 3,2 prosentpoeng fleire enn i 2009.

Når det gjeld forholdet mellom menn og kvinner med høgare utdanning, så har skåren gått tydeleg ned frå 2009 til 2013, både nasjonalt og i fylket. Det skuldast at delen kvinner med høgare utdanning har auka mykje meir enn delen menn med høgare utdanning.

Indikatoren som får lågast skår både i Møre og Romsdal og i landet er deltidsarbeid. Langt fleire kvinner enn menn arbeider deltid (definert som mindre enn 30 timar pr. veke). I 2013 arbeidde 37,7 prosent av dei yrkesaktive kvinnene i Møre og Romsdal deltid, medan landsgjennomsnittet var 34,7 prosent.

Det er i kommunane Vanylven og Nesset at det er mest vanleg at kvinnene arbeider deltid – over halvparten hadde deltidsstilling i 2013. I Molde er den relative delen som arbeider deltid mykje lågare - 29,1 prosent av dei yrkesaktive kvinnene i Molde jobba deltid i 2013. Størst prosentvis endring frå 2009 til 2013 finn vi i Gjemnes, Stordal, Averøy og Herøy – med reduksjonar på rundt 7 prosentpoeng.

Indikatorar for kjønnslikestilling – skår Møre og Romsdal og landet 2009 og 2013

Last ned

Del sysselsette kvinner (20-66 år) som jobbar deltid (prosent) 2009 og 2013

Last ned