Fleire kvinner på kommunevallistene – færre på fylkestingsvallistene

Fleire kvinner på kommunevallistene – færre på fylkestingsvallistene

Av dei 531 kandidatane som stod på liste til fylkestingsvalet i Møre og Romsdal i september 2015, var 222 kvinner og 309 menn. Det gir ein kvinnedel på 41,8 prosent. På landsbasis var denne delen 44,7 prosent.

Det er store forskjellar i kjønnsfordeling mellom dei eldste og dei yngste kandidatane til fylkestingsvalet. Blant kandidatane under 30 år er det faktisk eit fleirtal kvinner, mens blant kandidatane på 60 år eller eldre er det over dobbelt så mange menn som kvinner.

Ser vi på aldersfordelinga på listekandidatane til fylkestingsvalet, finn vi at dei eldste aldersgruppene er overrepresenterte i forhold til den delen dei utgjer av befolkninga over 18 år. Det er særleg gruppa 50-59 år som er overrepresentert. 28 prosent av listekandidatane er i denne aldersgruppa, som utgjer 17 prosent av den vaksne befolkninga i Møre og Romsdal. Gruppa under 30 år er dårlegast representert på listene. Dei utgjer rundt 20 prosent av befolkninga over 18 år i Møre og Romsdal, men berre 10,9 prosent av listekandidatane.

273 av kandidatane på listene til fylkestingsvalet - over halvparten - har 500 000 kr i brutto årsinntekt eller meir. 55,0 prosent av dei mannlege kandidatane og 46,4 prosent av dei kvinnelege har slik inntekt.

Kjønnsfordelinga på vallistene i kommunane i Møre og Romsdal varierer frå 48,4 prosent kvinner i Smøla til 28,9 prosent kvinner i Halsa. I 13 av kommunane i fylket utgjorde dei kvinnelege listekandidatane under 40 prosent.

Gjennomsnittet for kommunevallistene i fylket er ein kvinnedel på 41,4 prosent – eit prosentpoeng meir enn i 2011. 26 av 36 kommunar i Møre og Romsdal hadde ein høgare kvinnedel på vallistene i 2015 enn i 2011. Størst auke i kvinnedel var det i kommunane Smøla, Sula, Stordal, Vanylven og Herøy – med ein auke på rundt 6 prosentpoeng.

Listekandidatar til fylkestingsvalet i Møre og Romsdal 2015 etter kjønn og alder

Last ned

Listekandidatar til fylkestingsvalet i Møre og Romsdal 2015, etter bruttoinntekt og kjønn

Last ned

Del kvinnelege listekandidatar til kommunestyrevala i 2011 og 2015 i kommunane i Møre og Romsdal, prosent

Last ned