Auke i tilskota til kulturprosjekt
I 2014 løyvde fylkeskommunen nærare 600 drifts- og prosjekttilskot til store og små aktørar i kulturlivet i Møre og Romsdal. Storleiken på tilskota varierte, frå 3 000 kroner til fleire millionar kroner.
Av i alt 154,6 millionar kroner som vart fordelt i 2014, var nærare 75 millionar fylkeskommunale midlar. Midlane elles, om lag 80 millionar kroner, vart i hovudsak løyvd gjennom spelemiddelordninga eller frå ulike postar i statsbudsjettet.
Hovuddelen av dei fylkeskommunale midlane går til driftstilskot. 60 millionar kroner vart gitt som driftstilskot til regionale og fylkesdekkande kulturinstitusjonar og organisasjonar i 2014. Av desse vart 31 millionar kroner gitt i driftstilskot til regionsmusea, Operaen, Teatret vårt og Moldejazz. Driftstilskota til desse seks institusjonane blir gitt etter avtale med staten og vertskommune/kommunar. Som ein følgje av avtalen, fekk institusjonane 77 millionar over statsbudsjettet til drift i 2014. Desse ble direkte utbetalt til institusjonane.
I alt 94,6 millionar kroner vart brukt til prosjekttilskot i 2014. Dette er ein auke på 12,5 millionar frå året før. Per 01.09.15 ligg det an til ei fordeling av prosjekttilskot på til saman 103,5 millionar kroner i heile 2015.
Den største tilskotsordninga kulturavdelinga forvaltar, er den spelemiddelfinansierte ordninga «Tilskot til anlegg for idrett og fysisk aktivitet». Totalt 60,3 millionar kroner vart fordelt i 2014. Tildelingane innan denne ordninga har auka jamt dei siste åra.
I tillegg til drifts- og prosjekttilskot omtala tidlegare, vart 9 millionar kroner brukt til fylkeskommunale kulturtenester i 2014. Av desse nærare 5 millionar kroner til Møremusikarordninga, som gir subsidierte musikartenester til kulturlivet.