Kommunereform og tal

Kommunereform og tal

Er norske kommunar store eller små? Har kommunane i Møre og Romsdal færre innbyggarar enn i resten av landet? I samband med kommunereforma kan det vere greitt å ha ein viss oversikt over desse tala. Vi har valt å samanlikne norske kommunar med våre nordiske naboar, då det er desse som liknar mest på våre kommunar når det gjeld oppgåver og organisering.

Noreg har i dag flest kommunar av dei nordiske landa. Danmark har vore gjennom ei kommunereform og har i dag langt færre kommunar enn Noreg. Finland er i gang med si reform, og her ventar ein klar reduksjon i talet på kommunar frå 2017. I Sverige var det ei større reform på 1970-talet, og talet på kommunar har auka noko sidan den gong.

Når vi her samanliknar innbyggartal i kommunane nyttar vi median, dvs. talet som er i midten når vi rangerer kommunane etter innbyggartal. Norske kommunar har i dag det lågaste innbyggartalet i Norden, men ikkje mykje mindre enn Finland. Dette vil truleg endre seg etter reforma i Finland. Den Danske «median-kommunen» har etter reforma nesten ti gongar innbyggartalet i høve Noreg. I Møre og Romsdal har median-kommunen nesten 5 000 innbyggarar.

Norske kommunar er i gjennomsnitt relativt små samanlikna med Sverige og Finland, men store om vi ser mot Danmark. Kommunane i Møre og Romsdal er relativt små i flatemål, og gjennomsnittskommunen er mindre enn dei danske kommunane.

Folketalsutviklinga i kommunane i fylket sidan 1986 viser klare tendensar: Små kommunar har nedgang i folketal, medan store kommunar har vekst. I dag bur om lag 17 prosent av befolkninga i den halvparten av kommunane som har under 5 000 innbyggarar, medan 83 prosent bur i den halvparten som har over 5 000 innbyggarar.

Talet på kommunar 2015

Last ned

Storleik kommunar, km2 ,gjennomsnitt

Last ned

Tal innbyggarar, median

Last ned

Folketalsutvikling kommunestorleik 1986 - 2014

Last ned