Mest til pleie- og omsorg
Mest til pleie- og omsorg
Tabellen over netto driftsutgifter i prosent av totale netto driftsutgifter viser kva kommunane har nytta av eigne midlar i dei ymse sektorane, på bakgrunn av behov og prioriteringar i kommunen. Gjennomsnittstalet for kommunane i Møre og Romsdal, og for alle kommunane i landet utanom Oslo, viser at det er små variasjonar i kor mykje av utgiftene kommunane disponerer i dei ymse sektorane. Tala på kommunenivå varierer meir.
Sektoren som kommunane disponerer mest midlar innanfor er pleie- og omsorg. Den nest største sektoren er grunnskulen, følgt av barnehagesektoren, både i Møre og Romsdal og i Noreg utanom Oslo.
Meir informasjon om kommuneøkonomi finn du i Fylkesmannen i Møre og Romsdal sin årlege rapport om «Utviklinga i kommuneøkonomien».