Høgast lånegjeld i landet

Høgast lånegjeld i landet

Ein annan viktig kommunaløkonomisk indikator er netto lånegjeld. Den er vist i tabellen som prosent av brutto driftsinntekter og i kroner per innbyggar. Ved å måle netto lånegjeld i høve til inntekta korrigerer ein lånegjelda i høve til betalingsevna. Døme på det kan vere Norddal kommune, som har nest høgast lånegjeld i kroner per innbyggar, men «berre» femte høgaste lånegjeld i høve til inntekta. Som det går fram av tabellen har Norddal kommune høge frie inntekter, som er skatt på inntekt og formue samt rammetilskott frå staten. I tillegg har kommunen høge «ekstra» inntekter frå eigedomsskatt, naturressursskatt og konsesjonskraft, samt lågare utgifter gjennom redusert arbeidsgivaravgift. Kommunen har difor større betalingsevne enn andre kommunar, og kan difor ha høgare driftsnivå og høgare lånegjeld. Stranda, Ulstein og Giske kommunar har høgast netto lånegjeld i fylket, og det er også dei kommunane som har den høgaste lånegjelda i landet.