Kommunane klarer ikkje tilrådd driftsresultat

Kommunane klarer ikkje tilrådd driftsresultat

Alle kommunar skal rapportere informasjon om si verksemd til Statistisk sentralbyrå (SSB) gjennom Kommune-Stat-Rapporteringa (Kostra). Hos SSB blir tala registrert og samanstilt. Informasjonen skal tene som grunnlag for analyse, planlegging og styring for avgjerdstakarane og andre, både nasjonalt, regionalt og lokalt. I tabellane her er det den finansielle situasjonen og driftskostnadane i kommunane som er vektlagt. I Kostra er det grundig informasjon om kommunane sin økonomi og kommunal verksemd innan alle sektorar.

I tabellane er det nytta konserntal. I konserntala inngår kommunekassa, kommunale føretak og interkommunale selskap. Tabellen med dei økonomiske indikatorane viser dei viktigaste nøkkeltala når det gjeld kommunane sin økonomiske situasjon. Netto driftsresultat blir sett på som den viktigaste enkeltståande indikatoren for korleis den økonomiske situasjonen i ein kommune er. Netto driftsresultat er det kommunane har att av inntekt etter at alle drifts- og finansutgiftene er betalt. Frå og med 2014 er det kome ny tilråding for netto driftsresultat. Den nye tilrådinga er at netto driftsresultat skal utgjere 1,75 prosent av brutto driftsinntekter for at kommunen skal ta formuen sin i vare.

Som det går fram av tabellen når ikkje kommunane i Møre og Romsdal samla den tilrådde prosentdelen for netto driftsresultat i 2014. Det gjer ikkje kommunane i landet utanom Oslo heller. Kommunane i Møre og Romsdal hadde eit netto driftsresultat på 0,1 prosent av brutto driftsinntekter, medan kommunane i landet utanom Oslo hadde 1,2 prosent. På kommunenivå er det store skilnadar i fylket. Aukra kommune hadde eit positivt netto driftsresultat på 18,2 prosent av brutto driftsinntekter – det høgaste i landet. Herøy kommune fekk negativt netto driftsresultat på -6,2 prosent, som er det fjerde lågaste i landet.

Økonomiske indikatorar frå 2014 for kommunane i Møre og Romsdal på konsernnivå

Last ned