Helsepersonell

Helsepersonell

Utfordringar i arbeidet med rekruttering av helsepersonell

I perioden 2010-2014 har prosentdelen årsverk med relevant utdanning hatt ein svak auke på eit prosentpoeng. I Møre og Romsdal har 76 prosent av årsverka relevant utdanning, og fylket ligg eit prosentpoeng over landsgjennomsnittet. Det er store forskjellar mellom kommunane. I Sunndal kommune har 89 prosent av årsverka fagutdanning, noko som er langt over gjennomsnittet for både fylket og landet. Sande kommune er i andre enden av tabellen, med 63 prosent.

I åra framover vil det bli betydeleg fleire eldre og fleire med kroniske og samansette sjukdomar. Det vil samstundes bli færre i yrkesaktiv alder, noko som medfører at behovet for helsetenester vil vere høgare enn tilgangen på helsepersonell. Samstundes har vi mange «eldre» arbeidstakarar i omsorgstenestene. I 2013 var prosentdelen årsverk utført av tilsette over 55 år på 26,9 prosent i fylket. Det gir store utfordringar når det gjeld rekruttering av personell til framtidas helsevesen.

I dag går kvar sjette elev i ungdomsskulen seinare inn i helse- og omsorgsarbeid. For å halde same nivå på tenestetilbodet som no vil vi i 2025 ha behov for at kvar fjerde elev blir helse- og omsorgsarbeidar. Som eit ledd i satsinga på å sikre tilstrekkeleg med fagpersoner må ein sjå på ny fordeling av arbeidsoppgåvene innanfor dei ulike yrkesgruppene.

Auke i delen årsverk med høgare utdanning

Fordelinga av årsverk med fagutdanning frå vidaregåande og frå høgskule og universitet har jamna seg noko ut i perioden 2010 -2014. Men det er framleis ein skilnad på 8 prosentpoeng i Møre og Romsdal og 5 prosentpoeng i landet. I 2010 var dei respektive tala 13 og 11 prosentpoeng. I 2012 blei Samhandlingsreforma innført, der intensjonen er at liggedøgn på sjukehus skal bli færre og at meir avansert behandling skal bli overført til kommunane. Dét kan vere ei av årsakane til denne endringa.

Prosentdel årsverk med relevant ­fagutdanning i omsorgstenestene

Last ned

Prosentdel årsverk med fagutdanning frå ­vidaregåande skule

Last ned

Prosentdel årsverk med fagutdanning frå høgskule og universitet

Last ned

Årsverk med relevant fagutdanning i omsorgstenesta 2014, prosent

Last ned