Eldre har færre timar heimesjukepleie og praktisk bistand enn yngre brukarar

Eldre har færre timar heimesjukepleie og praktisk bistand enn yngre brukarar

I gjennomsnitt har kvar mottakar av heimesjukepleie og praktisk bistand i Møre og Romsdal 11,4 timer bistand per veke i følgje vedtak. I landet elles er talet 10,2 timar. Det som blir registrert i IPLOS-registeret1 er talet på timar i vedtaket. Den reelle ressursinnsatsen frå kommunen kan vere større, til dømes i tilfelle der fleire tilsette er hos mottakaren samstundes.

Timetalet varierer mellom anna med alderen på brukarane. Brukarar i alderen 80-89 år har berre 4,3 timar tildelt hjelp i veka, medan brukarar over 90 år har 5,9 timar. Brukarane i alderen 0-66 år har langt fleire tildelte timar pr. veke. Til dømes har brukarar i alderen 0-17 år heile 22,3 timar pr. veke.

Talet på timar heimesjukepleie og praktisk bistand til dei eldste må sjåast i samanheng med dekningsgraden av langtidsopphold i institusjon for aldersgruppa. I kommunar der få av innbyggarane over 80 år bur på institusjon, blir det i gjennomsnitt tildelt fleire timar heimesjukepleie og praktisk bistand i veka enn i kommunar der ein høg del av innbyggarane over 80 år har langtidsopphold på institusjon.

Timar heimesjukepleie og praktisk bistand per veke etter vedtak, gjennomsnitt

Last ned