Møre og Romsdal har låg dekning av demensteam
Møre og Romsdal har låg dekning av demensteam
Helsedirektoratet har sterkt oppmoda kommunane om å etablere demensteam for å følgje opp personar med demens og deira pårørande på ein god måte. Eit slikt team skal vere ein fagleg ressurs i demensomsorga. Demensteamet skal støtte omsorgstenesta i planlegging og tenesteyting til personar med demens og deira pårørande.
Nasjonal kartlegging i 2014 av tenester til personar med demens viser at det er få kommunar i Møre og Romsdal som har etablert demensteam og/eller demenskoordinator. Vi ser likevel ei positiv utvikling, med ein auke frå 5 kommunar i 2007 til 19 kommunar i 2014.