SkatteFUNN-ordninga viktig for Møre og Romsdal

SkatteFUNN-ordninga viktig for Møre og Romsdal

SkatteFUNN er ei ordning som gir rett til skattefråtrekk for bedrifter som gjennomfører FoU-prosjekt. I 2014 var det på landsbasis godkjent til saman 2 381 nye prosjekt i SkatteFUNN. Desse hadde eit samla kostnadsbudsjett på 7,6 milliardar kroner, og eit budsjettert skattefråtrekk på 1,3 milliardar kroner. 8,4 prosent av dei nye godkjente SkatteFunn-prosjekta i 2014 kom frå Møre og Romsdal.

Når det gjeld aktive SkatteFunn-prosjekt er det registert 374 prosjekt i Møre og Romsdal. Dette er ein auke på 57 prosjekt frå 2013, noko som gjer at Møre og Romsdal også i 2014 er det 6. største SkatteFUNN-fylket. SkatteFunn-prosjekta i Møre og Romsdal utgjer 7,8 prosent av totalen. Fylka med flest aktive prosjekt i 2014 er Oslo (922 prosjekt), Akershus (493), Rogaland (468), Hordaland (462) og Sør-Trøndelag (450). Sektorane marin/sjømat og maritim har flest aktive prosjekt i Møre og Romsdal, høvesvis 125 og 87 aktive prosjekt. Marin/sjømat er dessutan den mest forskingstunge sektoren både på landsbasis og i Møre og Romsdal, med høvesvis 204 og 36 industrielle forskingsprosjekt. Blant Møre og Romsdal sine aktive SkattFUNN-prosjekt i 2014 var det elles flest prosjekt i kategoriane «Annet» (39 prosjekt), bygg og anlegg (26 prosjekt) og olje/gass (24 prosjekt).

Aktive SkatteFUNN-prosjekt i 2014 i Møre og Romsdal, fordelt på sektor

Last ned

Aktive SkatteFUNN-prosjekt fordelt på fylke, 2014 og endring frå 2013

Last ned