45 prosent av tildelte midlar frå Regionalt forskingsfond til fylket

45 prosent av tildelte midlar frå Regionalt forskingsfond til fylket

Møre og Romsdal er saman med Sør-Trøndelag og Nord-Trøndelag ein del av Regionalt forskningsfond Midt-Norge. Fondet lyser ut forskingsmidlar som aktørar i næringsliv og offentleg sektor kan søke på. I 2014 ga fondet støtte til 53 prosjekt på til saman 28,6 millionar kroner. 23 av desse var i hovudsak knytte til aktørar i Møre og Romsdal. Universitets- og høgskulesektoren og instituttsektoren står bak brorparten av innvilga prosjekt. Men sidan det frå 2014 er strengare krav om samarbeid med aktørar frå arbeidslivet, vil næringslivet og offentlege aktørar vere samarbeidspartnar i prosjekta som får støtte.

Tildelingar i 2014 - Regionalt forskingsfond Midt-Norge

Last ned