Næringslivet står for størstedelen av FoU aktiviteten i fylket

Næringslivet står for størstedelen av FoU aktiviteten i fylket

I 2013 vart det brukt 50,7 milliardar kroner på forsking og utviklingsarbeid (FoU) i Noreg. Under ein av desse milliardane, 959 millionar kroner, vart brukt i Møre og Romsdal. Målt i løpande prisar auka dei samla FoU-utgiftene i landet med i overkant av 5,6 prosent frå 2012 til 2013. Møre og Romsdal sin del av dei samla FoU-utgiftene blei redusert med 0,4 prosent i same perioden og utgjer berre 1,9 prosent av totalen.

Oslo er det dominerande fylket, med totale FoU-utgifter på 15,3 milliardar kroner i 2013, noko som utgjer 30,2 prosent av dei samla FoU-utgiftene i landet i 2013. Rangert fylkesvis etter kven som brukte mest ressursar på forsking og utviklingsarbeid, så følgjer Sør-Trøndelag (8,6 mrd.), Akershus (6,5 mrd.) og Hordaland (5,4 mrd.) Desse fire fylka er størst målt i FoU-utgifter, og stod for 70,6 prosent av dei samla FoU-utgiftene i Noreg i 2013.

I Møre og Romsdal står næringslivet for størsteparten av FoU-aktiviteten målt i FoU-utgifter. Heile 72,5 prosent av dei 959 millionane som gjekk til FoU-arbeid i 2013 stod næringslivet for. Forskingsinstitutta og høgskulane hadde høvesvis 15,2 prosent og 12,3 prosent av dei samla FoU-utgiftene.
I 2013 blei det brukt 3 697 kroner per innbyggar på FoU i Møre og Romsdal. Til samanlikning vart det i Sør Trøndelag brukt 28 385 kroner på FoU per innbyggar, medan FoU-kostnadane i Oslo per innbyggar kom opp i 24 588.

Om ein ser på dei geografiske fordelingane av midlane som går frå Norges forskningsråd til FoU, ser ein det same mønsteret som for dei totale FoU-utgiftene. I 2014 betalte Forskningsrådet ut 7,2 milliardar kroner til forsking og utvikling i Noreg. Møre og Romsdal fekk 82 millionar kroner, noko som utgjer 1,1 prosent av dei totale midlane.

I 2014 var det 174 aktive nærings-Phd-stipendiatar i Noreg, av desse var 44 nye – 8 av dei i Møre og Romsdal.

Totale FoU-utgifter i 2013 *

Last ned

Totale FoU utgifter 2013 etter fylke fordelt på sektor i prosent

Last ned