Utdanningsnivå påverkar forventa levealder

Utdanningsnivå påverkar forventa levealder

Forventa levealder er eit mål på helsetilstanden i befolkninga, som m.a. gir informasjon om utviklinga over tid og om forskjellar mellom befolkningsgrupper. I Møre og Romsdal er forventa levealder ved fødsel er 83,9 år for kvinner og 79,0 år for menn, noko som er litt over tala for Noreg (høvesvis 82,9 og 78,4).

Dei siste 30 åra har alle grupper fått betre helse, men helsegevinsten har vore størst for dei med lang utdanning og høg inntekt. Særleg dei siste ti åra har desse forskjellane auka og er endå større for kvinner enn for menn. Ser vi på forventa levealder i fylket etter fullført utdanningsnivå, viser det ein levealder på 80,1 år for dei med grunnskule som høgste utdanningsnivå, og 83,8 år for dei med vidaregåande eller høgare. For landet er denne forskjellen endå større; tilsvarande tal er 78,3 år og 83,1 år.

Forskjellane i levealder i fylket mellom dei to omtala utdanningsgruppene viser 3,65 år til fordel for dei med vidaregåande eller høgare utdanning. Ser ein på dei tre største byane i fylket, er forskjellane i levealder minst i Molde, med 3,38 år, medan Kristiansund og Ålesund ligg nokså likt, med 4,51 år i Ålesund og 4,67 år i Kristiansund. Indikatoren er informativ også på kommunenivå, men her må det takast omsyn til betydinga av tilfeldige variasjonar.

Forventa levealder etter utdanningsnivå

Last ned

Forventa levealder etter utdanning 1998-2012

Last ned