Trivsel blant ungdommar

Trivsel blant ungdommar

Høg trivsel i skule og nærmiljø blant ungdommar

Ei undersøking blant elevar i vidaregåande skule i fylket (2015) syner at fleirtalet av ungdommane trivst både på skule og i eige nærmiljø, men at situasjonen kan vere vanskeleg for ein del.

Deltaking i organisasjonar gir auka trivsel

Av ungdommane i vidaregåande skule trivst ni av ti på skulen og i nærområdet der dei bur, medan 5 prosent er heilt ueinige i utsegnene «Eg trivst i nærområdet der eg bur» og «Eg trivst på skulen». Her er det litt skilnad mellom gutar og jenter, fleire gutar enn jenter er heilt einige i at dei trivst på skulen, medan fleire jenter er litt ueinige i utsegnet. Undersøkinga syner også at elevar som deltek i organiserte fritidsaktivitetar er meir einige i utsegnene om trivsel i nærområdet og på skulen enn dei elevane som ikkje er med på organiserte fritidsaktivitetar.

Fleire jenter enn gutar opplever å vere einsame

Det er relativt mange ungdommar som gir uttrykk for plager knytt til psykisk helse. Av elevane som har svart på undersøkinga har 13 prosent av jentene svart at dei er veldig mykje plaga av å ha følt seg ulukkelege, triste eller deprimerte, medan 21 prosent har vore ganske mykje plaga. Tilsvarande tal for gutane er høvesvis 4 og 10 prosent.

Heile 59 prosent av jentene har vore ganske mykje eller veldig mykje plaga av å uroe seg for ting, medan 28 prosent av gutane har svart det same. Over halvparten av dei som går på studieførebuande/allmenn fag er ganske eller veldig mykje plaga med at dei uroar seg, medan 37 prosent av elevane på yrkesfag svarar det same.

Det er også skilnader mellom jenter og gutar i høve til om dei har følt seg einsame. Av jentene er det 23 prosent som har svara at dei har vore ganske eller veldig mykje plaga av einsemd, mot 15 prosent av gutane.

Er du einig eller ueinig i utsegna «Eg trivst i nærområdet der eg bur»

Last ned

Er du einig eller ueinig i utsegna «Eg trivst på skulen»

Last ned

Elevar i vidaregåande opplæring i Møre og Romsdal etter kor plaga dei har vore av å ha følt seg ulykkelege, triste eller deprimerte, etter kjønn 2015

Last ned

Elevar i vidaregåande opplæring i Møre og Romsdal etter kor plaga dei har vore av å ha uroa seg for mykje om ting, etter kjønn (2015).

Last ned